Unio-leiaren sin replikk:
Skulehelse på sparebluss
Nesten alle meiner at skulehelsetenesta må styrkast. At skulehelsetenesta er viktig for barn og unge, for læring, for folkehelsa og dermed for arbeidslivet, er opplest og vedtatt. Men nokon må det vere som meiner noko anna. For i årevis har det vore snakka om, og planar har vore laga også, for å styrke denne delen av helsetenesta.
Publisert: 27. april 2015
Likevel må det vere nokon som bremsar. Eller som ikkje prioriterer denne kombinasjonen av helse og utdanning. Det er underleg når vi veit at mange unge slit, ikkje minst med den psykiske helsa. Og i tillegg veit vi at slike lidingar er ei av dei viktigaste årsaker til sjukefråvere i arbeidslivet.
Kven har ansvaret? Kven vil ikkje følgje opp? Staten eller kommunane? Det er ikkje godt å seie. Pengane kjem i ein sekk. Det står ikkje skulehelse eller helsesøster på pengeoverføringane frå staten til kommunane. Oppgåvene er fleire enn kronene i dei fleste kommunane.
Dei siste par åra har det over statsbudsjettet vore løyvd nærare 400 millionar kroner til å styrke skulehelsetenesta og kommunale helsestasjonar. Det burde monne? Vel, det dekkjer om lag halvparten av det som trengst for å nå helsestyresmaktene sine standardkrav. Ikkje nok med det: Berre halvparten av løyvingane har gått til det som skulle vere formålet: Styrking av skulehelsetenesta. Berre kvar femte kommune ville tilsette fleire helsesøstre i 2015 ( Sykepleien).
Det må med andre ord finnast folk i kommunane som syter for at pengane ikkje når fram til barn og unge. Men når dette blir påtala eller kritisert, er svaret ofte ”lokalt sjølvstyre”.- Dei som er nærast veit best. Det kan stemme i mange tilfelle. Men lokale administratorar eller politikarar tar på seg eit stort ansvar viss skulehelsa blir forsømt. Eller sett på sparebluss.
I somme kommunar har det faktisk vore nedgang i ressursane, trass i auka løyvingar frå staten.
Snart kjem revidert budsjett for 2015 og kommuneøkonomiproposisjonen. Då får vi nok sjå nye variantar av det uendelege pingpong spelet mellom sentrale og lokale styresmaktene.
Kanskje er begge partar nøgde med at samanhengen mellom pengar og ansvar er litt uklart?