Unio-leiaren sin replikk:

Løn og status

I ein artikkel i DN for litt sidan stilte Jan Davidsen og Anne-Kari Bratten viktige spørsmål om rekruttering til helse- og omsorgsyrka. Dei gav sjølve få svar, men debatten er viktig. Endå viktigare er det å finne gode løysingar. Auka status og løn, og konkrete tiltak mot fråfall frå utdanninga, er Unios medisin.

Publisert: 14. november 2012

I DN 5.11. påpeikar Davidsen, leiar i Fagforbundet og Bratten, viseadministrerande direktør i Spekter, at det er for få ungdommar som vel å utdanne seg til jobbar i helse- og omsorgstenestene. Dei spør om det er rett at ungdom får velje fritt, og ser etter løysningar på rekrutteringsproblema i utdanningssystemet. Viss ikkje ungdom skal velje, kva for verkemiddel skal då brukast?

I røynda handlar dette nok meir om attraktiviteten til yrka enn om kvaliteten til utdanningane. Det handlar om noko så grunnleggjande som status og løn i helse- og omsorgsyrka. Det er naivt å tro at rekrutteringa vert betre utan at løna vert konkurransedyktig. Sektoren er i tillegg kjenneteikna av relativt tungt arbeid, turnusarbeid og deltidsstillingar. Arbeidsgjevarar kan og må gjere noko med desse problema. Då kan helsesektoren verte ein attraktiv arbeidsplass som ungdommen vil velje som sin framtidige yrkesarena.

Unio er, som Bratten og Davidsen, uroa over det store fråfallet frå helsefaga i vidaregåande opplæring. Vi foreslår derfor:

  • Rett til eitt år med påbygg til studiekompetanse etter fullført fag- eller sveinebrev.
  • Rett til å komme tilbake for å fullføre fag- eller sveinebrev for elever som har valt tredje påbyggingsår.
  • Meir fleksible modellar – vekslingsmodellar – i yrkesfagopplæringa.
  • Generell studiekompetanse som opptakskrav til høgre utdanning.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv