Unio-leiaren sin replikk:
Avkledd politikk
DN avslører 31. oktober misbruk og feilbruk av offentlege utdanningspengar. Utdanningsbaronar er tittelen avisa gir til brødrene Nicolai og Peder Løvenskiold. Gjennom organisatoriske grep knytt til institusjonar eller firma som Westerdals, Bjørknes og Anton B. Nielsen, henta dei 100 millionar frå felleskassa. Dei har ifølge DN omsett for 1 milliard kroner i 2015.
Publisert: 30. november 2015
No er baronane tekne på fersk gjerning. Dei har utnytta systemet. Politikken som gjer dette mogeleg, er også avslørt.
Kunnskapsministeren prøver seg med ei formalistisk (bort)forklaring i DN 2.11. Han argumenterer på syltynt grunnlag. Han greier knapt å ta stilling til om dette er greitt eller ikkje. Det held ikkje.
Det er naivt å tru at investorar står klare til å satse pengar på utdanningssystemet berre utfrå velvilje overfor elevar eller studentar. Verdiar, i meir enn ein forstand, kjem i spel når ein lagar ein utdanningsmarknad som til alt overmål er statssubsidiert.
Denne saka fortener noko meir enn ein passiv kunnskapsminister. Det som skjer må vere ein vekkjar både for han og andre som trur at konkurranse og marknad er hovudvegane til kvalitet. Eg er for konkurranse i mange samanhengar. Men når konkurranse blir både mål og verkemiddel, aukar risikoen for doping. Det er det vi nettopp har sett frå utdannings-baronane.
Moralen er ikkje god nok. Heller ikkje lovverket. Og slett ikkje oppfølgjinga frå Kunnskapsdepartementet. Taparane er studentar som ikkje får den kvaliteten det blir reklamert med. Svak kvalitet er ikkje forbode. Difor er det nok andre forhold Økokrim sjekkar. Men svak kvalitet er uakseptabelt, særleg når det er ein veg til større profitt for eigarane. Det er ei sak for Økokrim eller andre kontrollørar.
Så får det vere eit tankekors at ein del av dei mekanismane utdanningsbaronane har brukt, minner farleg om mekanismar som ligg til grunn for statsrådens visjonar for offentleg høgre utdanning: konkurranse, fusjonar og konsernstyring. Vi får likevel håpe at betre kvalitet er resultatet.