Unio-leiaren sin replikk:
Gjenstridig likestilling
Eg såg at ein kommentator omtalte Audun Lysbakkens forslag om “statlege trillegrupper” for fedre som eit mediestunt. Slik skulle ein elles tam og kjedeleg handlingsplan for likestilling mellom kjønna i det minste sikrast medieomtale.
Publisert: 14. november 2011
Tolkinga er pirrande, men neppe rett. Men forslaget om trillegrupper eller papparingar, som har skapt interesse. Mest i form av harselas. Det er synd for handlingsplanen, men fortent. Forslaget er eit utslag av reinhekla luksusurbanisme. Ein tankegang som verken gir kampen for likestilling eller likelønn folkeleg forankring. Og den forankringa trengst.
Noko av det beste med handlingsplanen er den friske framtoninga – layout – og at dei 100 sidene gir god oversikt over feltet. Det er ein nyttig kunnskapsbank.
Kanskje er urettferdig, for det ligg tydelegvis iherdig innsats bak planen. Men kva er nytt? Kva skal gi framgang? Planen er full av kjent stoff. Høyrt det før, blir inntrykket. Og kanskje må det bli slik når målet er så tydeleg todelt: På den eine sida skal det repeterast at Noreg er verdsmeiseter i likestilling. På den andre sida skal det understrekast at det er langt att. Og inn i mellom tar ein nye initiativ. Som i kapitlet om musklar og miniskjørt. Her handlar det om kjønnsstereotypar, og korleis desse kan motverkast. Om dialog og fleire utgreiingar er nok for å påverke reklamebransjen til å vise naturlege kroppar står att å sjå.
Reklamen og marknadsmekanismane blir kanskje like gjenstridige som likelønnsgapet? Når det gjeld likelønn er planen ingen plan. Mest eit pausesignal.