Unio-leiaren sin replikk:
Forhandlingsinnspurt
Det er berre eit par dagar att til partane i staten og kommunesektoren må finne ei løysing, viss dei skal klare det på eiga hand. Viss ikkje, er det Riksmeklaren som tar regien frå og med 1. mai.
Publisert: 28. april 2014
Å finne forhandlingsløysing ser ut til å bli stadig vanskelegare. I alle fall sjeldnare. Særleg i hovudoppgjera. Det er inga god utvikling dersom sjølve forhandlingane blir ei transportetappe på veg til sjølve finalen – meklinga.
Vi har sett døme på at partane knapt har prøvd å forhandle. Av og til er nok årsaka at avstanden verkar uoverkommeleg. Enten i form av prinsipp. Eller pengar. Ofte begge delar. Då er det sjølvsagt også ekstra fare for konflikt.
Meklaren si einaste oppgåve er nettopp å hindre konflikt. Målet er å få partane til å godta eit kompromiss. Går ikkje det, er neste fase streik. I prinsippet kan også lockout bli svaret.
Riksmeklaren er ein del av systemet – ein lang tradisjon. Systemet har ein hang til å forvalte seg sjølv. Riksmeklingsinstituttet er nøytralt og uavhengig. Men likefullt oppnemnd av regjeringa og knytt til arbeidsdepartementet. Og til frontfaget og alt som høyrer til det ansvarlege rammeverket. Det er med andre ord ikkje frie tøylar når ein kjem med krav og forventningar til Riksmeklaren. Og med utløyste saker.
Dersom det første frontfagsresultatet blir brukt som ei absolutt tvangstrøye – enten av arbeidsgjevarane eller av regjeringa, blir det ekstra vanskeleg å finne forhandlingsløysing. Det opplevde vi mellom anna i 2012, då staten sette si ære i å halde ramma nede. Resultatet blei streik.
Kanskje burde terskelen til mekling hevast. I alle fall burde tid og fristar kortast ned. Tidlegare har det vore tatt til orde for å fjerne heile meklingsinstituttet. Rett og slett for å auke presset på partane. Det er verken realistisk eller ønskeleg.
Det blir sagt at moderne påsketuristar kallar på Raudekrossen på grunn av gnagsår. Så enkelt må det i alle fall ikkje bli å ty til mekling.