Unio-leiaren sin replikk:
Ganle og nye oppgåver
For 14 år sidan på denne tida var Unio (UHO) nyetablert. Garborgs ”mot til å meine, styrke til å skape”, var slagordet for dei seks forbunda som var med på stiftingsmøtet.
Publisert: 21. desember 2015
Første jobben, og spenninga, var å sikre forhandlingsrett, særleg i staten. Den kom raskt på plass, og snart var vi motpart for fleire arbeidsgjevarorganisasjoanar. Det starta forresten med ein streik på nyåret 2002, Norsk Sjukepleiarforbund i konflikt med Spekter, den gongen under namnet Navo. Den nye hovudorganisasjonen blei raskt involvert.
No har Unio 12 medlemsforbund, og om lag 335 000 medlemmer. Dermed er Unio den nest største hovudorganisasjonen på arbeidstakarsida. Det var fleire som spådde den nye organisasjonen ei kort levetid, og somme ønska det nok slik også.
Det tok 3–4 år før vi fekk medlemskap i den internasjonale fagrørsla. Internasjonalt var vi velkomne, men på den heimlege arenaen bremsa LO så lengde dei kunne. Ein posisjon som var uråd å forsvare i det lange løp. No har vi godt samarbeid både internasjonalt og nasjonalt.
Eit av kjenneteikna ved fagforeiningsarbeidet er at ein sjeldan – kanskje aldri – kan sette sluttstrek. Sakene og stridane har ein tendens til å repetere seg sjølv. Ei av dei første sakene som prega debatten tidleg på 2000-talet var fornying av arbeidsmiljølova. Ei sak og ein strid som til fulle har vore aktuell i 2015. Pensjon og pensjonsreforma var i startgropa på den same tida.
Og kva står på dagsordenen no? Jau, debatt om offentleg tenestepensjon – spenning mellom forhandlingsresultatet frå 2009 og prinsippa i pensjonsreforma, med særleg søkelys på årskulla fødde etter 1958.
Ein sikker gjengangar er tariffoppgjera. Dei kjem regelmessig. Eit sikkert vårtegn er at lyse dagar og netter skjer i forhandlingsrom eller meklingsrom. Og ikkje sjeldan har Uniomedlemmer måtte ta på seg streikevestar.
Ved utgangen av 2015 og inngangen til 2016 til ser vi nye rundar med desse klassiske sakene: arbeidsmiljøspørsmål, arbeidstid, pensjon og nye rundar med lønnsforhandlingar. Vi kan legge til debatt om tenestemannslova og utgreiinga om ”nye tilknytingsformer til arbeidslivet”, IA-avtalen og sjukelønn, situasjonen i Nav, og kamp mot sosial dumping.
Dei fleste sakene høyrer også heime i trepartssamarbeidet. Dialogen mellom styresmaktene, arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgjevarorganisasjonane er svært viktig for verdiskaping og velferd. Ikkje sjeldan er det usemje, av og til også strid. Men dialog og kompromiss er også ei viktig side av striden, og i alle fall av løysinga.
Det nye, eller halvnye, er kriser i rad og rekkje: oljekrise, klimakrise, flyktningkrise og stigande arbeidsløyse. Som på ulike måtar vil sette sitt preg på dei klassiske sakene og stridane. Men alt er ikkje berre negativt. Klimaavtalen og klimapolitikken kan også gi rom for innovasjon og nye løysingar med fleire og betre arbeidsplassar. Som også kan legge grunnlag for vidare Uniovekst – både i offentleg og privat sektor.
Digitaliseringa vil endre arbeidslivet og organisasjonane må ikkje berre henge med. Vi må vere i front. Unio – med kunnskap i front – skal framleis vere den fremste forkjemparen for kvalitet i offentleg tenester. For betre verdsetting av utdanning og kompetanse, og eit samfunns- og arbeidsliv prega av likestilling.
Eg har vore heldig – hatt æra og gleda av å leie Unio i 14 år.
Takk for laget!
Eg ønskjer den nyvalde leiinga, med Ragnhild Lied i spissen, lukke til.