Unio-leiaren sin replikk:
Olav Thon som rådgjevar?
«Du trenger ikke utdanning for å lykkes». Dette blir slått fast med feite typer i ei VG-overskrift 8.juni. Avsendar er Olav Thon, som i følgje VG gir han dette rådet til norsk ungdom: “Dropp skole – jobb hardt”. Og så viser han til seg sjølv, Kjell Inge Røkke, Stein Erik Hagen som levande bevis på at ein kan nå langt utan lang utdanning.
Publisert: 10. juni 2013
Om dette er sjølvskryt, skal eg ikkje ha sagt. Men både han og dei han nemner er døme på at du kan gjere det godt i business utan lang utdanning. Og det er sanneleg bra at folk lukkast, skaper arbeidsplassar og tener pengar. Ære vere Thon og andre for det. Men eigensuksessen garanterer ikkje for at Olav Thon gir gode råd. Han gir eitt godt, og eitt dårleg råd.
Det gode er ein sikker veg til framgang: «Arbeid hardt.» Men å råde ungdom til å droppe skulegang og utdanning er eit elendig råd til ungdommar flest. Det ville vere langt betre å kombinere hardt arbeid og utdanning. Det aukar sjansen for å lukkast. Det er for mange som droppar ut, særleg frå vidaregåande opplæring. Med litt større innsats, kunne dei kanskje kome over kneiken.
Men viss Olav Thon først og fremst meiner at det finst andre vegar til arbeid enn å ta universitetsutdanning, har han absolutt eit poeng. Vi har framleis bruk for fagfolk av andre kategoriar. Innan ei rekkje område er det mangel på fagarbeidarar. Det bør satsast meir på kortare yrkesutdanningar, kombinasjonsordningar teori og praksis som tilbod til ungdom som ikkje finn seg til rette i dei teoretiske utdanningane. Men også det er krevjande løp. Difor er Thons råd – jobb hardt, ha tru på deg sjølv – gyldige både for utdanning og arbeid.
Men for dei aller fleste vil ei god utdanning- tilpassa eigen interesser – vere eit godt grunnlag, ikkje minst med tanke på å få seg arbeid. Når Olav Thon rår ungdom til å kutte utdanning, er det eit farleg bomskot. Det er lov å tenke seg om, sjølv om ein er mangemillionær.