Unio-leiaren sin replikk:
Kan det bli verre?
Med eit par dagars mellomrom: Først ein grusom skulemassakre i Pakistan. Over 145 drepne, midt i skuletida. Deretter ei ny jentekidnapping i Nigeria. 185 kvinner og barn bortførte, mange drepne. Kan det bli stort verre?
Publisert: 19. desember 2014
Det skjer mest kvar dag. Uskuldige folk blir offer for kyniske terroristar. Faren er no at det skjer så ofte at vi stort sett registrerer det som medieoppslag. Heilt til det kjem tett på oss. Slik det gjorde 22. juli 2011.
Det blir ei ekstra påminning, og det slår ekstra sterkt når det rammar barn og unge. Som i Peshwar. Kva skjer med folk når dei får seg til å stille barn opp langs veggen og kaldblodig fyre laus? Svaret finst neppe fullt ut.
Terrorismen, same kva som ligg bak, og same kva som er målet, er ikkje berre uanstendig, den er avskyeleg. Og ekstra feigt når barn og unge er terrormål. Hendingar som vi har sett dei siste dagane er uforståelege.
Samstundes gir det ekstra meining at Malala fekk fredsprisen. Berre nokre dagar før skulebarn blei meia ned.
I talen sin sa ho mellom anna:
Så la oss skape likskap, rettferd og fred for alle. Vi må alle bidra, ikkje berre politikarane og verdas leiarar, men også du og eg. Det er vår plikt. Så vi må sette i gang med å jobbe … og ikkje vente.
Malalas bodskap har fått ekstra kraft dei siste dagane.
Den tradisjonelle helsinga ”God jul” passar ikkje heilt.