Unio-leiaren sin replikk:

Terror og tragedie

Det er framleis uverkeleg. Men det er likevel sant. Terroren slo til med ufatteleg kraft. Først i regjeringskvartalet. Deretter med endå større kraft på Utøya. Heile nasjonen er ramma.

Publisert: 24. juli 2011

Men mest av alt er det enkeltpersonar, familiar og lokalmiljø som kjenner sorg og sakn over uskuldige liv som er gått tapt og over skadar som er livstrugande. Mange ber med seg ufattelege og traumatiske opplevingar. Vår fremste oppgåve er å vise omtanke, deltaking og vere til stades der det er mogeleg. Medkjensle kan ikkje erstatte tap av liv eller oppheve grufulle opplevingar, men kan forhåpentlegvis lindre litt.

Først trudde vi at internasjonal terror hadde nådd Noreg. Så viste det seg at det var heimleg terror – norsk galskap som hadde slått til. Same kven som står bak og kva som kan vere motiv og tankegang – det som har skjedd er ufatteleg, meiningslaust og avskyeleg. Angrepa i regjeringskvartalet er dramatiske. Det som har skjedd på Utøya er endå verre. Omfanget er endå meir katastrofalt, og at ungdom midt i demokratisk aktivitet blir massakrert, gir åtaket ekstra grufulle dimensjonar.

Hendingane samlar nasjonen i sorg og fellesskap, og i forsvar for demokratiske verdiar. Vi støttar våre politiske leiarar, med statsminister Stoltenberg i brodden, som seier at angrepa på folk og demokrati må møtast med meir demokrati, med at vi er meir opne. Samstundes skal vi ikkje vere naive. Det er vondskapens ideologi og tankegang som har ramma folk og institusjonar så brutalt.

Unio har mottatt ei rekkje støttehelsingar frå nordiske og internasjonale organisasjonar. Desse gir uttrykk for sorg og sympati, både med Noreg som nasjon og med dei personane som er hardast råka.

Som fagorganiserte har vi ei viktig oppgåve i å forsvare og utvikle det demokratiet vi er ein del av. Unios medlemsforbund og yrkesgruppene vi representerer står sentralt i så måte. Våre medlemmer arbeider tett på folk i alle aldrar og i ulike situasjonar og har oppgåver og ansvar i ei rekkje offentlege institusjonar og etatar.

Mange av Unios medlemsgrupper har hatt sentrale oppgåver i samband med hendingane dei siste dagane. Det vil dei ha også i tida som kjem. I første rekkje er det politi. sjukepleiarar og anna helse- og redningspersonell som har stått midt i katastrofen. Men også kyrkja sine folk har hatt ei viktig rolle. I den vidare prosessen vil tilsette i barnhage, skule og andre utdanningsinstitusjonar og innan helse og rehabilitering ha viktige og krevjande oppgåver. Eg vil gi honnør og støtte til alle som har handtert og skal handtere krevjande oppgåver. Også ei rekke frivillige organisasjonar og personar fortener ros for innsatsen.

Viktige verdiar er sett på prøve. Med fellesinnsats og solidaritet skal vi klare denne prøva.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv