Det er alvor no

Unio organiserer litt over 10 prosent av arbeidsstyrken. Som einaste hovudorganisasjon har vi hatt vekst, om enn liten, frå 2015 til 2016. Dette er bra, men ikkje godt nok.

Publisert: 30. juni 2017

Berre 10 prosent av dei yrkesaktive er med i eit Unio-forbund. Ambisjonane våre må opp. Ikkje minst i lys av at no har ein tredjedel av innbyggarane over 16 år høgre utdanning.

Men det største alvoret ligg i at mindre enn halvparten av dei yrkesaktive no er fagorganiserte. Fallet i organisasjonsgrad er eit varsku til både arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og styresmakter. Viss alle desse meiner at trepartssamarbeidet er viktig, må vi saman ta ansvaret for å sikre og styrke det organiserte arbeidslivet, inkludert organiserte arbeidsgjevarar. Sterke hovud-organisasjonar- på begge sider – er basisen for samarbeidsmodellen.

I internasjonal målestokk ligg Noreg framleis godt an. Fagrørsla har framleis ein solid maktbase her til lands. Men som tillitsvalde må vi jakte på tiltak som gjer det attraktivt å vere fagorganisert. Vi må finne ut kva som gjer at færre ser det som naturleg å organisere seg. Utfordringa er størst i privat sektor.

Kanskje er det for lett å vere «gratispassasjer»? I offentleg sektor er i realiteten alle tilsette «fagorganiserte» i den forstand at dei er tariffbundne og får alle rettar (og plikter) som ligg i tariffavtalane. Arbeidsgjevarsida har så langt avvist tiltak som kunne gjere det vanskelegare å vere gratispassasjer, som regel med å vise til prinsippet om organisasjonsfridom.

Men av og til spelar arbeidsgjevarsida dobbelt. På den eine sida omtalar ein det organiserte arbeidslivet i positive vendingar, men i politikk og forhandlingar er det mange døme på at dette likevel kjem i andre eller tredje rekke. Staten og regjeringa sine mange krumspring i saka om mellombels tilsette i staten er eitt av dei siste døma. Dei siste åra har vi sett fleire døme på forslag og tiltak som har vore retta mot å svekke arbeidstakarsida, og som kan gjere det mindre attraktivt å vere fagorganisert.

Hovudansvaret ligg likevel verken hos arbeidsgjevarar eller hos styresmaktene. Det ligg hos oss sjølve. Vi må spørje: Er vi for konservative i praktisk politikk? Forsvarer vi for ofte det gamle i staden for å kjempe for forbetring gjennom fornying? Snakkar vi eit språk som treffer ungdom for dårleg?

Unio sine medlemsforbund gjer ein solid rekrutteringsjobb. Difor er Unio i vekst. Men vi må ha fleire med på laget for å få opp organisasjonsgraden.

Difor minner eg om eit av slagorda våre: Unio viser veg! Det forpliktar. Og det hastar!

Men grunnlaget er der – gjennom 350 00 medlemmer og tusenvis av offensive tillitsvalde.

God sommar!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv