Unio-leiaren sin replikk:

Uravrøysting neste

Meklinga i KS og staten blei avslutta måndag 26. mai, 8–9 timar på overtid. Oslo kommune avslutta si mekling eit døgn etter. Meklingsforslaga går no til uravrøysting eller annan organisasjonsmessig behandling. Tilrådinga frå forhandlingsutvala er å seie JA til resultatet.

Publisert: 27. mai 2014

Alternativet er streik og protest, med små sjansar til å vinne fram i og med at oppgjeret er godtatt av andre organisasjonar.

Unios medlemmer i offentleg sektor får med dette resultatet ei lønnsutvikling i overkant av «frontfaget», og er sikra reallønnsvekst. Men vi møtte gjerrige arbeidsgjevarar. Dei la seg, tydelegevis med støtte frå meklarane, på ei svært stram tolking av frontfaget, og ville i liten gard ta omsyn til etterslepet frå siste tariffperiode. Her spelar arbeidsgjevarane høgt og tenker kortsiktig. Dersom lønnsutviklinga i industrien endå ein gong blir større enn anslaget, vil denne steile holdninga svekke frontfaget.

Hovudtariffoppgjeret 2014 blei ikkje det løftet for kunnskap og kompetanse det kunne og burde ha vore. Offentleg sektor vil, på fleire område, framleis slite med å rekruttere og behalde kompetente medarbeidarar. Ambisjonane om å bli ein meir attraktiv arbeidsgjevar finst knapt i det offentlege. I alle fall ikkje i tariffoppgjera. Men snart starar vel den eine kampanjen etter den andre for å rekruttere «fleire og betre». Og kommunar vil lage seg konkurransar om å bli «best i Noreg». Dei burde meldast for villeiande reklame.

Eit paradoks: Den formelle meklingstida er lang, nesten fire veker. Likevel blei det også denne gongen ei hektisk avslutting, langt på overtid. Her trengst både fornying og forbetring, og det gjeld ikkje berre meklingshandverket.

Det svingar av arbeidstida i skuleverket. Det gjer det alltid når endringar er på tale. For somme blir då den avtalen som allereie finst, men som ein gjerne kjempa mot tidlegare, den aller beste. Men avtalen var sagt opp. Det skulle, og måtte forhandlast. Medlemmene mobiliserte, med rette etter KS-krava i vinter.

Utdanningsforbundet, med Ragnhild Lied i spissen, har vore tøffe, dristige og nytenkande. Realiteten er at KS under vegs har mista grepet, og blitt tvinga til å forlate primærstandpunkta sine. «Danskestrategien» er slått tilbake. Viktige prinsipp er forsvart. Årsverket er det same som før. Vernet er faktisk betre. Men alle forhandlingar har sine kompromiss, og dei er ikkje alltid logiske.

7,5 timar på arbeidsplassen vekkjer reaksjonar, somme knallskarpe. Det går an å forstå. Det er ei endring, stor for somme, mindre for andre. Men å utføre hovudtyngda av arbeidet på arbeidsplassen kan vel ikkje vere så vederstyggeleg som Skolenes Landsforbund og Lektorlaget vil ha det til. Premissane er klare, unntaka like eins. Og om ein samstundes legg press på arbeidsgjevarar for å skaffe betre arbeidsforhold, er det vel heller inga krise.

Skolenes Landsforbund (LO) og Lektorlaget (Akademikerne) er forresten ein uvanleg allianse. Protest og taktikk sameinar. Dei ser vel dette som ein vervekampanje. Den er billeg i dobbelt forstand. Og så håper dei vel at medlemmene overser at dei også har takka nei til framforhandla lønnstillegg.

Eg er forresten ikkje særleg spent på Lektorlagets endelege svar – om to veker.

Det viktigaste svaret får vi gjennom uravrøystinga i Unio og Unioforbunda.

Les, lytt og tenk, men framfor alt: Røyst – nettopp det du meiner!

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv