Unio-leiaren sin replikk:

Er Karsten ineffektiv?

Eg var spent. Kjempespent. Då eg på tur i utlandet greidde å hente fram NRK for å sjå VM-finalen på 400 m hekk. Ville Karsten klare det denne gongen også? På den eine sida: Nei, det var vel for mykje å håpe på. Før eller seinare stoppar vel framgangen og flaksen. På den andre sida: Han har overraska før. Han har vore best gjennom heile sesongen. Og han har unikumet Leif Olav Alnes ved sida si, pluss både lagkameratar, ikkje minst lagveninner, og dessutan eit støtteapparat å spele på.

Publisert: 3. oktober 2019

Alle veit det. Karsten slo alle. Eg jubla! Karsten jubla, publikum jubla, og kommentatorane skreik seg håse, og overskriftene slo i mot oss både på nett og papir.

Vi fekk også sjå eit TV-innslag frå Ulsteinvik, med ein sal kledd i grønt. Dimna IL sine fargar. Og ein bestefar som rørt, men roleg seier: “Han greidde det. Det var jammen godt gjort.” Det var det verkeleg. “Vi har vunne alle saman”, var det ei anna lokal røyst som sa.

Karsten seier det ofte: Stor takk til Dimna IL. Før Karsten løfta det fram, var det få utanom friidrettsmiljøet som kjende til Dimna. Men det var her, i lokalmiljøet, at grunnlaget blei lagt og at talentet utvikla seg. Det var ikkje flust med trenarar, men dei som var der, hadde kompetanse.

Det bør også statsministeren tenke på. Ho sende sikkert gratulasjonshelsing, og var stolt.

Det er kanskje å dra det litt langt, og det er inga djup politisk analyse, men likevel: Hadde hennar politikk vore følgt, er det slett ikkje sikkert at ho kunne ha helsa verdsmeistaren på 400 m hekk.

Hadde regjeringa fått bestemme, hadde nok Dimna IL blitt fusjonert, med den vanlege grunngjevinga: For lite miljø, for svak kompetanse, ineffektiv drift. Det må satsast på synergiar og stordriftsfordelar. I tråd med regjeringa sine moderniseringsidear.

No vil somme kanskje innvende at Karsten har sentralisert seg sjølv for å prestere betre. Vel, han har flytta til Oslo, ja. Der bur han saman med ein kameratgjeng heimanfrå. Han har funne seg eit lite treningsmiljø, og ein trenar frå heimfylket. Og ikkje minst, han er framleis ein del av Dimna IL.

Ikkje så ulikt Ingebrigtsen-strategien, forresten.

Erna sin strategi med samanslåingar og effektivisering, med sentralisering som konsekvens, ga nederlag i kommunevalet. Ein svak prestasjon. Men det ser ikkje ut til at opplegget blir endra, sjølv om metodane har fungert dårleg. Så står det att å sjå kva utslag det gir fram mot politikk-NM, stortingsvalet, om to år.

Karsten sin “ineffektive” strategi med å bygge på det nære – på LAGET – i tillegg til steinhardt arbeid ga VM-tittel. På nytt. Ein topp prestasjon, som det er god grunn til å hylle. Og til å lære av.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv