Unio-leiaren sin replikk:
Tøff dame
Sist veke var eg ekstra heldig. Tre gonger fekk eg lytte til Aung San Suu Kyi. Arenaer og publikum var ulike, men kjernebodskapen var lik: Ein kombinasjon av takk for støtte til fridomsarbeid i Burma, og klareoppmodingar til global kamp for demokrati og menneskerettar.
Publisert: 18. juni 2012
Det kan godt vere at nobelprisvinnaren frå 1991 ville bruke andre ord enn kamp. Ho som framheva «kindness», nærast som eit grunnlag for fredeleg samekistens og demokrati då ho heldt nobeltalen i Oslo rådhus 16. juni
Det var også ei storhending då ho på veg til Oslo vitja den store arbeidskongressen i Genève. Delegatar frå 180 land – arbeidstakarar, arbeidsgjevarar og representantar – lytta og helsa the Lady med ovasjonar og trampeklapp. Ho tala om arbeid ,både som eit gode for den enkelte, men la vekt på at retten til arbeid la grunnlaget for demokrati og for rettferdig fordeling. Også i Burma. Ho var glad for sin nyvunne fridom etter mange år i husarrest, men nøyde seg med å vere forsiktig optimist på vegne av heimlandet.
Seinare møtte ho ei mindre forsamling av arbeidstakarrepresentantar. Her oppmoda ho fagforeiningane til å forsterke innsatsen for menneskerettar i vid forstand. Ho understreka fagforeiningane sin viktige innsats, ikkje berre for medlemmene, men også for «the general public», som ho uttrykte det.
Burmas største fagforeining har ingen sterk posisjon. Fagforeininga blir leidd av folk i eksil, noko som har vore situasjonen i ei årrekkje. Og sjølv om the Lady er ei tøff dame, om enn mild i forma, vedgjekk ho at vegen fram til fri fagorganisering i Burma synest lang. Men sjølv er ho eit talande døme på pågangsmot, og at stayerevne fører nærare mot målet.
Det er i motbakken det går oppover.