Unio-leiaren sin replikk:
Stopp konkurransen nedover
Norsk arbeidsliv har jamt over ein høg standard både når det gjeld arbeidsvilkår, arbeidsmiljø og lønn. Difor viser måling etter måling at trivselen er høg på norske arbeidsplassar.
Publisert: 20. januar 2020
Dette inneber likevel ikkje at alt er bra. Tvert imot, ser vi stadig døme på grove avvik og uakseptable forhold. I somme bransjar har vi nærast vent oss til at forholda er elendige. Det er nok ikkje tilfeldig at dei fleste av desse er dominert av utanlandsk arbeidskraft, ofte ufaglærte.
Både noverande og tidlegare regjeringar har i samarbeid med partane innført tiltak som skal hindre sosial dumping. Men sosial dumping og dårlege vilkår finst til fulle framleis, også på område der ein skulle tru at forholda var i tråd med norske standardkrav. Det er ikkje mange år sidan «Adecco-skandalen» prega ei rekkje medieoppslag då det blei avdekka uverdige forhold på ein sjukeheim i Oslo.
No på nyåret varsla næringsminister Torbjørn Røe Isaksen at regjeringa er i gang med å utgreie ei ny lov mot moderne slaveri. Lova skal hindre at arbeidsfolk blir ramma av menneskehandel, tvangsarbeid og barnearbeid. Modellen for lovarbeidet er henta frå Storbritannia, som i 2015 innførde «Modern Slavery Act. Etter denne lova må selskap som opererer i Storbritannia garantere at det ikkje finst «slavearbeid» i nokon av leverandørkjeda.
Dette er eit bra initiativ frå regjeringa. Samstundes er det dessverre også endå ei erkjenning av at norsk arbeidsliv ikkje berre er eit glansbilde.
Viss nokon tvilar, bør dei lese Gunnar Thorenfeldt sin kommentar i Dagbladet 18. januar. Her set han søkelyset på forholda for reinhaldsarbeidarar i det norske forsvaret. Reinhaldstenestene er for lengst konkurranseutsette, med oppseiingar og dumping av lønns- og arbeidsvilkår som konsekvens. Allereie i 2011, skriv Thorenfeldt, vedgjekk Adecco, som då hadde vunne anbodet, at det var uråd «å gjøre profitt hvis renholderne skulle betales lovpålagt nivå». No er det ein annan gigant på området, ISS, som driv reinhaldet. Dei har vunne anbodet, medan arbeidsfolk har tapt jobbar og vilkår. Dessutan har Forsvarsbygg omtalt kvaliteten på arbeidet som ein «omdømmerisiko». Gunnar Thorenfeldt kjenner feltet godt. I 2016 fekk han den norske Arbeidsmiljøprisen for å ha avdekka dårlege og lovstridige arbeidsforhold i ei rekkje bransjar.
Det er ikkje ei lyssky bakgatebedrift det handlar om denne gongen. Det er Forsvaret, altså staten, som til sjuande og sist er ansvarleg for ei planlagt utvikling. Dei «ansvarlege» vil som vanleg svare at slik skal det ikkje vere, men at det er firmaet som leverer tenestene som må rydde opp. Og nettopp slik fungerer strategien: Konkurranseutsetting skal gi effektivisering og innsparing. Ofte er resultatet, som illustrert ovanfor, dårlege arbeidsvilkår og lønnsdumping.
Dessutan har dårlege arbeidsvilkår ein lei tendens til å smitte på tvers av bransjar. Smittefaren er ekstra stor når det offentlege er ei smittekjelde.
Konkurranse treng ikkje i seg sjølv føre til dårlegare vilkår. Privat sektor dekkjer trass alt to av tre arbeidsplassar, og konkurranse og marknadsmekanismar er ein del av kvardagen. Det er når konkurransen først og fremst blir innretta mot innsparingar at det er fare på ferde. Når offentlege anbod – enten det er i staten eller kommunane – baserer seg på at lågaste pris tel mest, er det oftast løn og arbeidsvilkår som blir pressa nedover.
Dersom regjeringa meiner alvor med tiltak mot sosial dumping, kamp mot slavekontraktar og satsing på anstendig arbeid, må både staten og kommunane ta på alvor dei negative konsekvensane av konkurranseideologien. Det nyttar ikkje å late att augo eller å skulde på «utviklinga» når konkurranse nedover er vilja verk.