Uregelmessig arbeidstid = helserisiko

Å arbeide om natta er ein klar helserisiko. Både erfaring og forsking seier det same: Nattarbeid skaper kaos i kroppen. Det same gjeld arbeidstid med skiftande døgnrytme, dag – kveld – natt.

Publisert: 16. oktober 2017

Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at nattarbeid ikkje er tillat. Men unntaka er i praksis mange. Samfunnsmaskineriet må haldast i gang. Trass i påviseleg helserisiko er det difor mange yrkesgrupper som har arbeidstider som er fordelt over heile døgnet. Sjukepleiarar, politifolk, industriarbeidarar og oljearbeidarar er typiske døgnet-rundt-yrke.

Ein studie ved Sleep Research Centre i England påviste kroppsforstyrringar heilt ned på DNA-nivå (BBC/ABC-nyheiter). Reaksjonane minner om opplevinga av jet-lag. Skilnaden er at ein og annan jet-lag toler nok dei fleste av oss. Langt verre er det for dei som hyppig, og over lang tid, blir utsett for slike belastningar.

Mest alvorleg er risikoen for kvinner. Både internasjonale og nasjonale forskingsresultat viser at nattarbeid gir auka risiko for brystkreft. Særleg utsett er kvinner som har arbeidd om natta gjennom 20 år eller meir. Likevel kom ikkje denne sjukdomen med på lista over yrkessjukdommar då denne blei gjennomgått for nokre år sidan.

– Men alle veit at viss du vil bli sjukepleiar eller politi, må du rekne med å jobbe skift eller turnus, høyrer vi ofte. Både frå arbeidsgjevarar og politikarar. Ja vel, men nettopp fordi samfunnet er avhengig av at fleire grupper utset seg både for helserisiko og andre ulemper, skulle ein forvente at dei blei møtt med større respekt når arbeidstid er tema. Men det er det motsette som skjer.

Dei stadige angrepa på arbeidstidsordningane, særleg i helsesektoren, er uakseptable. Vi ser det i forsøk på å innskrenke natta, og det såkalla «arbeidstidsutvalet» leverte ei rekkje famøse fleirtalsforslag. Dei var direkte angrep på heile yrkesgrupper. Når dette blir toppa med forsøk på å innskrenke forhandlingsretten og utvide styringsretten over arbeidstid, nærmar vi oss molbotilstandar.

Skal dei døgnbaserte yrka vere attraktive, trengst fornuftige arbeidstidsordningar, og slett ikkje arbeidstider som skader helsa unødig. Både politikarar og arbeidsgjevarar må vakne!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv