Unio-leiaren sin replikk:
Svak strategi for miljøet
Det er ferjeopprør langs kysten. Folk er sinte, rett og slett. Takstane stig kraftig og rutetilbodet blir i mange tilfelle dårlegare. Kysten er fjordar og øyar, og framleis bur der folk som skal kome seg til og frå arbeid, til trening og fritidsaktivitetar. Urimeleg høge takstar rammar også næringslivet.
Publisert: 17. februar 2020
I heile oppveksten har eg sett to ferjer krysse fjorden i to ulike samband. Eg veit kor viktig ferja er for samferdsla i store delar av Distrikts-Noreg. Det er vegen over fjorden. Rett nok er han open berre om lag tre minutt 20–30 gonger for døgnet. Elles er det stengt!
I mange av desse samfunna er det tett samanheng mellom offentleg og privat sektor. Ryk arbeidsplassar i ei eller fleire bedrifter, blir både helse- og utdanningstilbodet sette under press. Ikkje underleg at folk blir urolege og frustrerte.
Frustrasjonen blir først og fremst retta mot politikarane. Både fylkespolitikarar og rikspolitikarar. Men det uroar meg også at skytset blir retta mot tiltak som skal redusere skadelege klimautslepp.
Samanhengane er litt uoversiktlege fordi det kjem fleire nyordningar på same tid. Det eine er innføring av AutoPASS på riksvegar. Dette har regjeringa ansvaret for. For å harmonisere billettordninga, har fylkespolitikarane i stor grad følgt opp og innført same ordning på fylkesvegsamband. Denne automatiske billetteringa har ført til betydeleg høgare takstar på bilar. Men i tillegg til innføringa av AutoPASS, har fylkespolitikarane også vedtatt generelle takstaukar som skal dekke drifts- og investeringskostnader.
Ei fjordkryssing som tar om lag 10–15 minutt, kostar gjerne 130–150 kroner for ein personbil utan AutoPASS-avtale. Det vil også ramme turisttrafikken, ei ikkje uvesentleg distriktsnæring. I tillegg fører automatiseringa til at lokale ferjemannskap misser jobbane.
For pendlarar, og andre som reiser hyppig, svir takstauken kraftig. Dette er alvorleg. Det er endå meir alvorleg at regjeringa og fylkespolitikarar også i denne saka driv eit håplaust ping-pong-spel som set positive klimatiltak i vanry. Fylka har fått og får store kostnader med omlegging av ferjedrifta til elektriske ferjer. Dette krev store investeringar mellom anna til framføring av straum og bygging av ladeanlegg. Reiarlaga har ansvaret for sjølve ferjene, og drifta, baserte på anbodskonkurransar.
Sjølv om regjeringa har oppmoda fylka og reiarlaga til å satse på meir miljøvennlege ferjer, har staten sitt svar så langt vore at dette er fylka sitt ansvar. Fylka seier at dei ikkje har pengar, og at regjeringa har ansvaret. Dermed opplever passasjerane at dei blir gislar for ein svak klimastrategi.
Det er direkte skadeleg for klimaarbeidet. Det er også på sin plass å minne om at dei nye ferjene ikkje berre har godt ry. Det er ofte mangel på straum og ladeproblem. I eitt av sambanda med nye elektriske ferjer var det nyleg 30 avvik på ein månad. Somme meiner at teknologien ikkje er god nok, og at det finst andre teknologiar som er meir miljøeffektive enn elektrifiseringa av ferjeflåten. På toppen av det heile blir det hevda at dei gamle ferjene blir eksporterte ut av landet, og vil vere i drift i årevis. Den samla klimaeffekten blir dermed nulla ut, blir det påstått.
Det er opplagt at det ligg store klimagevinstar i å fornye både ferjeflåten, fiskeflåten og skipstrafikken i det store. Kva for ein teknologi som er den beste, skal eg ikkje ha sagt noko om. Det vi veit er at teknologien heile tida utviklar seg, og vi kan ikkje vente på at den skal bli «ferdigutvikla».
Ferjeopprøret illustrerer kor viktig det er med ein samordna og effektiv klimapolitikk. Difor kan regjeringa verken vri seg unna det økonomisk ansvaret eller at ansvaret for omstilling og endring blir opplevd som rettferdig av folk.
Vi har i alle fall ikkje råd til at klima politikken kjem i vanry, i kjølvatnet av ferjeopprøret. Her må det ryddast opp. Det handlar både om ferjepengar og om miljøstrategi.
Dette er i alle fall regjeringa sitt ansvar. Utan tvil!