Unio-leiaren sin replikk:

Helse og omsorg – evig mangel på arbeidskraft?

Tenketanken Civita har nyleg publisert ein rapport om behovet for arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren. Det er ein viktig debatt. Og ein krevjande debatt.

Publisert: 14. mars 2012

Det finst mange tal og analysar på dette feltet. Så mange at det til tider skaper usikre prognosar. Men det er opplagt at oppgåvene i sektoren må løysast betre og meir effektivt enn i dag. Det trengst meir arbeidskraft både no og i åra som kjem.

To hovudstrategiar må gå hand i hand:

  1. Rekruttering
    Fleire – både kvinner og menn – må ta relevant utdanning. Dei må ønske å arbeide heiltid, og dei må makte det – helst fram til pensjonsalder
  2. Organisering og drift
    Sektoren må vekk frå lappverket av små stillingar. Det trengst både sentrale tiltak og det trengst lokale variasjonar.
    Heiltid må vere målet. Det første steget må vere at dei som ønsker heiltid får det. Dessutan må storleiken på stillinga i alle fall tilsvare det reelle omfanget av arbeid. Det burde vere sjølvsagt, og enkelt å få til

Helse- og omsorgssektoren er kvinnedominert, og sterkt prega av ein deltidstradisjon. Ei undersøking blant nyutdanna sjukepleiarar viser at sju av ti vil ha heiltid. Fire av ti får det, og berre halvparten av desse får fast tilsetting. Dette er dårleg personalpolitikk. Det er dårleg helsepolitikk. Og det er dårleg likestillingspolitikk.

I kampen om tidsklemma ser vi ein «allianse» mellom marknad og kultur. I to-innteksfamiliar er normen at mannen tener mest og arbeider mest, kvinna tener minst og arbeider minst. Det «lønner» seg best. Og opprettheld gamle kjønnstradisjonar.

Dessutan – helse- og omsorgssektoren er prega av tungt arbeid – fysisk og psykisk. Og mange opplever lite autonomi i yrkesutøvinga, liten innverknad på eigne arbeidsoppgåver og eiga arbeidstid. For somme blir deltid ein individuell meistringsstrategi.

Dei fleste som utdannar seg for arbeid innan helse og omsorg veit at ulemper – nattarbeid, turnus og helgearbeid høyrer med. Det er difor ein elendig rekrutteringsstartegi å angripe verneordningar og foreslå tiltak som forsterkar ulempene. Meir helgearbeid som hovudgrep er dømt til å mislykkast.

Helgearbeid er og blir nødvendig. Betre grunnbemanning kan hjelpe noko, men ikkje fullt ut. Fleire, som i dag ikkje arbeider helg, må vere budde på å ta sin tørn. Arbeid på tvers av postar, einingar og avdelingar.

Og så er det utruleg kor mykje energi som kan utløysast gjennom positiv verdsetting og fagleg autonomi! Svara ligg i alle fall ikkje i å krevje meir av det dei tilsette opplever som ulemper. Difor trengst ein fornya personalpolitikk. Arbeidsgjevar må tilby heile stillingar, og då må sanneleg også damene ville ha og ta dei. Det er disiplinerande også for mannfolka.

Og eg treng vel ikkje seia at lønna må opp?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv