Unio-leiaren sin replikk:

Pliktår for alle – dårleg forslag

Forslaget om eitt års pliktteneste bør leggast vekk. Saka var tema for Debatten i NRK tysdag 2. april. Stavanger arbeidarparti har foreslått at all ungdom skal arbeide meir eller mindre gratis for samfunnet etter avslutta vidaregåande opplæring. Argumenta for forslaget viste seg å vere tynne.

Publisert: 3. april 2024

Målet er at ungdom, gjennom eit pliktår, skal hjelpe til med å løyse viktige samfunnsoppgåver. Det verkar også som om det ligg eit disiplineringsmotiv bak. Vi skal styrke fellesskapet, sa representanten for Stavanger Ap i Debatten.

Det finst sjølvsagt argument for dette tiltaket. Vi har allmenn verneplikt til lands. Men berre eit lite mindretal blir kalla inn til teneste, og endå færre fullfører. No skal fleire kallast inn, og om lag 13 000 av årskulla skal gjere teneste i forsvaret. Det utgjer mindre enn ein fjerdedel av ungdomskulla. Det er på sett og vis urettferdig at tre av fire «slepp unna». Dessutan er det nærast eit munnhell at den og den hadde «godt» av eit år i det militære. Og kompani Lauritsen har gjenoppliva og forsterka dette gjennom slagordet «den beste versjonen av deg sjølv». Dette er likevel ikkje gode nok grunnar til å innføre eit obligatorisk pliktår for alle.

Grunngjevinga er tynn. Eit ofte brukt argument er at helsevesenet treng fleire hender, at frivillige organisasjonar slit med rekrutteringa og at beredskapsnivået må hevast. Sant nok. Men desse problema blir ikkje løyste av at ungdom blir tvinga inn i slike oppgåver. For mange kan dette bli eit dårleg møte med «arbeidslivet», låg lønn og usikre vilkår.

Antakeleg vil det føre til eit massivt apparat for å handtere ei slik ordning. Det er ikkje opplagt at alle kan arbeide i nabolaget. Og kva slag rettar og plikter er det tale om? Kven skal ha «arbeidsgjevaransvaret» for billeg arbeidskraft i statleg regi?

Eitt er sikkert. Helsevesenet, og andre offentlege tenester, må rekruttere fleire framover. Men det som aller mest trengst er fleire med god utdanning og god kompetanse. Attraktive yrke skaper ein gjennom god lønn og gode arbeidsvilkår.

Eitt av dei dårlegaste argumenta for ordninga serverte nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Når ungdom hadde tatt utdanning i 20 år, utan å yte noko for samfunnet, er det på tide dei gir noko tilbake, meinte han. Litt av ein samfunnsanalyse, må eg seie.

Sjølvsagt går det an å diskutere på prinsipielt grunnlag utan at alt er avklart på førehand. Men eit minimum av praktiske konsekvensar bør forslagsstillarane kunne svare på. Dei svara kom i alle fall ikkje i Debatten, snarare tvert imot.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv