Høyrt det før?
Norge er stadig i toppen av «beste land»- kåringar. Beste land å bu i. Blant dei beste når det gjeld velferd og tillit. På toppen når det gjeld likestilling. Lista over topp-plasseringar er lang.
Publisert: 18. oktober 2018
Sjølv om det kan minne om sjølvskryt, må vi slå fast: Vi er heldige her til lands.
Men samtidig kan vi av og til lure på om dette hellet også gjer oss litt blinde for feil og manglar. I samfunnet. I arbeidslivet. Det vil seie, vi ser nok manglane. Men vi overser at det trengst tøffe tiltak for å bøte på dei.
Ein av manglane er at verdas mest likestilte land ikkje greier å tette lønnsgapet mellom kvinner og menn. Trass i årelange kampanjar tener kvinner klart mindre enn menn. Når ein mann i snitt har tent 100 kroner, har kvinna tent 87 kroner. Størst er lønnsgapet for grupper med høgare utdanning. Då er tala om lag 80–100.
Nyleg kom VG med ei ny, men gammal avsløring: Menn i departementa tener langt meir enn kvinner. Tala viser at menn tener meir enn kvinner i alle departement. Med unntak av det minste «departementet», Statsministerens kontor, der kvinner faktisk tener meir enn menn.
Ikkje overraskande er ulikelønna på topp i mannsdominerte departement, som Olje- og energi og Finansdepartementet. Her er lønnsgapet, utifrå medianlønn, over 100 000 kroner i året.
Statsråd Mæland, som har arbeidsgjevaransvaret i staten, seier til VG at ho vil forsikre seg om at det blir tatt «tilstrekkelige grep» for å sikre likelønn. Høyrt det før?
Personaldirektør i staten, Gisle Norheim, seier det litt annleis: Han viser til at lønnsnivået handlar om startlønn og lokale forhandlingar. «Hver enkelt ansatt sin lønn er et uttrykk blant annet for vedkommendes markedsverdi», seier Norheim.
Kva slags verdiar som blir lagt til grunn for marknadsverdien seier ikkje personaldirektøren noko om. Men i så måte talar statistikken sitt tydlege språk: marknadsverdien for kvinneleg arbeidskraft er lågare i alle departementa. På same måten som i resten av arbeidslivet.
Staten si oppgåve er mellom anna å syte for likeverd og likebehandling av innbyggarane. Men staten sviktar på heimebane. Og stakar dermed ut feil kurs for resten av arbeidslivet.
Staten si melding til sjukepleiarar, lærarar og andre store og kvinnedominerte yrkesgrupper er i praksis at «marknadsverdien» er for låg – trass i at behovet for verdfull kompetanse er stort.
Og når det nærmar seg lønnsoppgjer, kjem nok Finansdepartementet som vanleg til å rette moderasjonspeikefingeren særleg mot desse gruppene. Og legg nok til at det er gutane i industrien – frontfaget – som må bestemme lønna for alle.
Høyrt det før?