Retorikk, romantikk og realitetar

For folk flest er ein anstendig pensjon den vanlege sluttpakken. Den forma for sluttpakke er det visst derimot legitimt både for arbeidsgjevarar og politikarar å angripe.

Publisert: 3. oktober 2016

Det blei bråk då det for litt sidan blei kjent at NHO må spare, og difor kvitte seg med seniorar. Mange får sluttpakke, for så å bli erstatta av yngre folk. 50 tilsette i 60-åra skal erstattast med 25 yngre folk med meir moderne kompetanse.

NHO-sjef Kristin Skogen Lund fekk kritikk, særleg frå politikarar, som peika på  «gapet mellom liv og lære». Skogen Lund forsvarte seg med «ryddige prosessar internt», og med motspørsmålet: «Kva skulle eg ha gjort då, når eg må kutte i budsjettet?»

Nei, kva skulle ho ha gjort? Kanskje NHO i det minste burde ha innsett at før eller seinare vil den heftige og årelange seniorpolitiske retorikken bli møtt av kvardagens realitetar? For det er nettopp det denne saka illustrerer.

I lang tid har arbeidslivspolitikken vore prega av eit mantra om at folk må stå stadig lenger i arbeid. Pensjonsreforma auka presset, og gjennom det siste 10-året har både retorikken og romantikken blomstra kring seniorane. Det har liksom ikkje vore måte på kor viktig eller kor gjevt det skal vere for moderne seniorar å arbeide til 70 eller meir. «70 er dei nye 40», såg eg til og med i ei overskrift nyleg.

I kjølvatnet av denne romantikken blir aldersgrenser framstilt noko herk, beint fram diskriminerande. Målet må i alle fall vere å heve aldersgrensa til 75 år, meiner regjeringa.

Det er bra å legge til rette for at folk kan stå lenge i arbeid. Unio sin posisjon i debatten om aldersgrenser m.m. har vore og er at det er langt viktigare å legge til rette for at flest mogeleg kan ønske og makte å stå i arbeid opp gjennom 60-åra enn å fokusere på å heve aldersgrensa. Då er gulrot viktigare enn pisk. Å kvitte seg med innarbeidde stimuleringstiltak som ekstra ferie og liknande, slik somme tar til orde for, er neppe gode verkemiddel.

Baksida av den dominerande politiske ordbruken, er at ein set eit negativt stempel på mange arbeidstakarar. Det er nemleg mange som ikkje maktar å leve opp til den seniorpolitiske retorikken eller -romantikken. Dei ser fram til å «gå av». Difor er det sikkert rett, som Skogen Lund sa, at mange NHO-seniorar var nøgde med sluttpakkane sine.

For folk flest er ein anstendig pensjon den vanlege sluttpakken. Den forma for sluttpakke er det visst derimot legitimt både for arbeidsgjevarar og politikarar å angripe. Slik Spekter gjorde i NHO-saka.(DN 22.9.) Sluttpakkeordninga var heilt grei – problemet er offentleg tenestepensjon.

Hakk i plata, er kanskje også ein type retorikk.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv