Unio-leiaren sin replikk:

Dumping av julemat

Det er full priskrig på julemat. Matvarekjedene konkurrerer om å dumpe ribbe og surkål, sikkert i håp om å selje mest til flest. – No er det så billeg at ribba kan brukast til hundemat, seier ein kjøpmann til DN.

Publisert: 7. desember 2015

I kommentarfelta raser debatten. Somme gler seg over at dei som har dårleg råd, også kan få plenty julemat. Andre synest det heile vitnar om forakt for mat, og om forakt for dei som produserer norsk mat.

Då er det fint å ha ein sakkyndig dommar: Landbruks- og matministeren. Sylvi Listhaug er oppvaksen på gard, og kan både å hesje og å mjølke. Og ho hyllar ”gi-bort-pris på julemat”, ifølgje VG. Det gir dei ”som vanligvis ikke har så mye å rutte med anledning til å skaffe seg litt ekstra julekos”, meiner statsråden.

Viss dette skal tolkast som eit tiltak i kampen mot fattigdom, er eg spent på oppfølginga. Enten det kjem frå ministeren eller frå matvarekjedene. Prisdumping på påskemat eller på laurdagsgodt?

Ministeren bør tenkje seg om. Det er neppe dei fattige som kjem til å hamstre og fråtse.

Det er ikkje lenge sidan Listhaug og regjeringa stilte seg i brodden for ein kampanje mot matsvinn. Sanninga er at norsk mat er så billeg, og så datostempla, at folk kastar godt etande mat i enorme mengder.

Prisdumpinga på julemat vil forsterke dette. Å kaste mat i stort omfang er sløsing av verste slag. I tillegg er det arrogant. Ikkje minst overfor dei fattige, både heime og ute.

Statsråden bør minne både seg sjølv og ”næringa” om kampanjen ”vis matvett”!

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv