Unio-leiaren sin replikk:
Pensjonsforviklingar
Eit innslag i Dagsrevyen eine dagen kunne tyde på at vi her til lands måtte bu oss på greske tilstandar. I 2050 vil pensjonskostnadane vere både fordobla og formidable. Vi står i valet mellom auka skattar eller velferdskutt, var meldinga i Dagsrevyen. Og årsaka til dette skulle visst vere avtalen om offentleg tenestepensjon!
Publisert: 21. juni 2011
Og for at det skulle vere skikkeleg gresk, hadde reporteren funne ei dame som meinte det var best å slutte i jobben, sjølv om ho eigentleg hadde lyst å halde fram. Ho ville nemleg tape på å stå lenger. Vel er pensjon innfløkt, men så gresk er det ikkje. Ho vil ikkje tape, men tene på å stå lenger.
Ikkje nok med at saka var spesialvinkla, den var altså feilvinkla i tillegg.
Grunnlaget for saka var visst at SSB har rekna seg fram til at det er usikkert om så mange eldre vil vere i arbeid som SSB før har trudd! Og det er knapt noko nytt. Prognosar om korleis samfunn og arbeidsliv vil vere om 40 år er og blir usikre. Same kor gode modellar SSB meiner å ha.
Det er derimot temmeleg sikkert at det blir fleire i aldersgruppa over 70 år i 2050, både faktisk og relativt. Folketalet i Noreg vil også auke. På mange område vil kostnadane bli høgre enn i dag.
Det er eigentleg ganske dyrt for eit land å halde seg med innbyggarar. Men det følgjer jo inntekter med også – det er folk vi lever av og for.
Verken SSB eller andre kan skråsikkert slå fast kva som blir verknadane av pensjonsreforma og dei ulike innstrammingane. Og slett ikkje korleis bildet er i 2050.
Difor er det lagt opp til ei evaluering av reforma fram mot 2017. Den tida bør brukast godt. Og så får vi sjå kor mange forviklingar det blir under vegs.
Det som derimot er skråsikkert, er at Unio ikkje vil bruke tariffoppgjeret i 2012 til ein omkamp om pensjon.