Unio-leiaren sin replikk:

Kan det verkeleg stemme?

For litt sidan blei det presentert ei undersøking om helse og trivsel for studentane. Eitt av funna var at ein av tre studentar slit med den psykiske helsa. Mange er einsame, somme har hatt sjølvmordstankar. Kan det verkeleg vere så ille?, var den første reaksjonen min.

Publisert: 12. september 2022

Denne undersøkinga er gjennomført av Folkehelseinstituttet på vegne av studentsamskipnadane i Oslo, Bergen og Trondheim, og har fått brei omtale i Khrono.

Vi veit at slike undersøkingar basert på eigenrapportering har sine svake sider. Mange vil nok tolke spørsmåla ulikt. Og kva legg den enkelte i opplevinga av einsemd eller korleis vurderer kvar enkelt sin eigen helsetilstand? Likevel er tala illevarslande. Vi kan ikkje sjå vekk frå dei. I Unio drøfter vi denne situasjonen med Unio-studentane. Universiteta og høgskulane må spørje seg sjølve korleis dei kan ta betre vare på studentane. Ikkje minst er dette eit alvorleg varsel til helsestyresmaktene. Noko må gjerast.

Noko av det mest illevarslande er utviklinga over tid. Det er langt fleire som rapporterer om psykiske helseproblem no enn for ti år sidan. Truleg ligg noko av forklaringa i pandemien, som har hatt klare negative konsekvensar for unge under utdanning. Det handlar ikkje først og fremst om sjølve pandemien, men nedstenginga av institusjonar. For mange har det vore uråd å leve vanlege studentliv.

I SSB si undersøking om levekår for studentar i 2021 går det fram at 1 av 3 studentar «har lav tilfredshet med livet». Unge heiltidsstudentar slit mest med psykiske plager og er einsame. Dei som bur åleine er mest utsette. Det er i det heile færre no enn i 2010 som vurderer eiga helse som god. Vi har altså to undersøkingar som peikar i same lei.

Somme forklarer noko av utviklinga med den overhyppige bruken av sosiale medium, der alt er synleg. Det perfekte og overflatiske er blitt ei utstillingsvare, som ofte stemmer dårleg med kvardagslivet. Andre framhevar at det er blitt meir vanleg å både snakke om og synleggjere psykiske helseproblem. Det er kort og godt blitt meir legitimt å snakke om og vise fram følelsar. Atter andre vil ha det til at det er det sterke konkurranse- og prestasjonspresset som skaper uhelse. Det er sikkert noko rett med alle desse, og fleire andre forklaringar. Og det kan leggast til at det er fleire som er studentar no enn for ti år sidan. I tillegg har gapet mellom dei om har det bra og dei som har større plager blitt større. Også på dette området ser vi altså at skilnadene aukar.

I Norsk studentunion er ein naturleg nok bekymra. – Vi må sjå etter både årsaker og finne løysingar, seier leiar Maika Godal Dam til Khrono.

I ein artikkel i Dag og Tid (10.9.22) skriv professor Bjørn K. Nicolaysen om stoda i vidaregåande skule. Han antydar at læreprosessen har flytta seg frå eit fagleg perspektiv til det han kallar «relasjonsutviklande samtalar». Han hevdar at det blir lagt så stor vekt på kjensler og opplevingar i alle samanhengar at «alle til slutt vert usikre». Eg er redd Nicolaysen har eit poeng eller to.

Spørsmålet blir likevel: Kva gjer vi som samfunn? Korleis kan studentane sjølve skape gode og trygge fellesskapsarenaer? Og ikkje minst, kva gjer utdanningsinstitusjonane? Det er opplagt at helsetilbodet til studentane må styrkast. Det er også opplagt at institusjonane må vurdere sin eigen studentpraksis. Er oppfølginga god nok? Har undervisningsdelen av samfunnsoppdraget den prioriteringa og det daglege fokuset det skal ha? Eg er redd at svaret på begge spørsmåla er nei. Sjølv om dei ansvarlege «opplever» det annleis, og spør om dette verkeleg stemmer.

 

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv