Unio-leiaren sin replikk:

Offentleg sektor best på lønn?

Tidsklemma i universitet- og høgskulesektoren er overdokumentert.

Publisert: 16. januar 2012

Under NHOs årskonferanse ved starten av nyåret hevda professor Hilde Bjørnland at offentleg sektor er “lønnsleiande”. Det kan nok finnast statistikk som tidvis viser betre lønnsutvikling i prosent for offentleg sektor ann for andre sektorar . Men å late som det offentleg fører ann når det gjeld lønn, er direkte villeiande. Realiteten er at industrien har hatt høgre lønnsvekst enn kommunesektoren, der dei fleste offentleg tilsette arbeider, i åtte av dei ti siste åra.

Statistikken viser at tilsette i det offentlege og i NHOs industribedrifter har hatt tilnærma lik lønnsutvikling dei siste åra. Likevel brukte Bjørnland NHOs årskonferanse til å hevde at det offentlege er lønnsleiande. Det er rett nok framgang for det offentlege, og utviklinga heng ikkje lenger systematisk etter industrien. Det er bra, særleg i lys av stor etterspørsel etter kompetanse i det offentlege.

Men vel så viktig -lønnsutviklinga viser berre ein del av bildet. Like viktig er lønnsnivået, som Bjørnland må ha sett vekk frå. I snitt tener tilsette i NHOs industribedrifter 70 000 kroner meir i året enn kommunetilsette. Dess høgre utdanning dess større blir lønnsskilnaden. Ein tilsett med høgre utdanning opp til 4 år tener 150 000 kr meir i industrien enn tilsett med tilsvarande utdanning i kommunesektoren. Er utdanninga over fire år blir skilnaden over 200 000. I lys av dette er påstandane frå Bjørnland mildt sagt merkelege.

Konsekvensen av dei store lønnsskilnadene er at kommunane og store delar av offentleg sektor elles har problem med å rekruttere og halde på den beste kompetansen. Det taper innbyggarane på. Dette problemet var ikkje eit tema på NHOs årskonferanse. På konferansen var det derimot uro over at offentleg sektor er for stor. Då må eg spørje: For stor til kva? For stor til å gi innbyggarane gode tenester – i helse, omsorg og utdanning?

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv