Unio-leiaren sin replikk:

Psykososialt arbeidsmiljø må løftast fram

Det psykososiale arbeidsmiljøet har vore forsømt i arbeidsmiljøpolitikken. Emosjonelle krav og risikofaktorar i møte med menneske har i for stor grad blitt rekna som «ein naturleg del av jobben». Ein bygningsarbeidar får hjelm på hovudet og stål i skorne. Heldigvis. Men kva vern har du når du skal handtere utagerande og av og til farlege folk?

Publisert: 30. mai 2023

Unio har dei siste åra satsa på å løfte fram psykososiale risikofaktorar i arbeidslivet. No forsterkar vi dette arbeidet ytterlegare. Saman med forbunda går vi i front for å ruste opp arbeidsmiljøpolitikken på dette området. I våre rekkjer er det mange yrkesgrupper som har ein arbeidskvardag prega av ulike psykososiale krav og belastningar. Det handlar om kva som kan skje i møte med elevar, studentar, foreldre pasientar, klientar, kundar eller publikum generelt.

I dei fleste tilfella er dette positive møte. Men slett ikkje alltid. Medlemmene våre må dagleg handtere andre sine kjensler og reaksjonar – av og til aggresjonar. I tillegg ligg det betydeleg belastningar i å stå i situasjonar med sprikande krav og ikkje minst stå i gapet mellom forventningar og ressursar. Mange opplever også frustrasjon over at tid og krefter må brukast til unødvendig rapportering og kontroll. Mangel på autonomi i yrkesutøvinga er rett og slett eit arbeidsmiljøproblem og det er skadeleg for trivsel i yrket.

Unio har etablert eit samarbeid med SINTEF om forsking innanfor utvalde delar av det psykososiale arbeidsmiljøfeltet. Det er to problemstillingar vi vil at SINTEF skal gå særleg inn i. Det eine er emosjonelle krav og belastningar. Det andre er tilsette sitt vern opp mot brukarrettar. Slik forsking er nybrottsarbeid her til lands.

Det trengst nettopp eit fornyande og forsterka kunnskapsgrunnlag på desse områda. Slik innsikt er viktig både for oss og for styresmaktene med tanke på å forsterke og forbetre innsatsen på desse områda. Det handlar både om førebygging, men også om framtidig regulering og nye tiltak.

Vi og forskarane er avhengige av at medlemmer og tillitsvalde engasjerer seg og deltar i undersøkinga som vil gå føre seg gjennom 2023. Det vil bli oppretta ein digital plattform for prosjektet der ein kan følgje utviklinga og sjå på resultata.

Målet er at dei psykososiale kvardagsbelastningane i større grad skal anerkjennast og forståast. Systematisk og førebyggande arbeid med desse risikofaktorane på arbeidsplassane kan etter kvart gi betre innsikt, betre arbeidshelse og lågare sjukefråvær. Dette kan ogsåredusere fråfallet frå arbeidslivet, og til og med vere med på å gjere ei rekkje yrke meir attraktive.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv