Unio-leiaren sin replikk:

22. juli

Eitt år er gått sidan dei tragiske hendingane – sidan terror og tragedie slo inn over oss. Det ramma nasjonen med full kraft, men framfor alt var det folk – enkeltmenneske og familiar – som blei ramma. Og no veit vi så altfor godt kven gjerningsmannen var – og er.

Publisert: 22. juli 2012

Ein sterk fellesskap og godt nasjonalt leiarskap tok Noreg gjennom den første sjokk- og sorgperioden. Men verken dette, eller kollektive mobiliseringar gjennom rosetog og minnemarkeringar kan fjerne ugjerningane. Dei skjedde, og skjedde brått og brutalt.

I samband med markeringane 22. juli blir det gjennomført enquetar av ulike slag. Spørsmålet «Kvar var du 22. juli?» er helst av det litt bisarre slaget. 22. juli var ikkje eit evenement, men ein tragedie. Eit anna spørsmål er om 22. juli har endra Noreg. Svara varierer – ja, nei, veit ikkje.

Dei fleste er likevel einige om at «vi har klart oss bra». Det er rett. Men eg vil legge til: vi må også ta oss i vare for å bli sjølvgode. Av og til kan ein få inntrykk av at enkelte meiner vi er så eineståande her til lands, at vi har handtert katastrofen betre enn nokon andre kunne ha gjort. Vi må ikkje gløyme at terror og drap er ein del av kvardagen for altfor mange – berre ei lita flyreise heimanfrå.

Årets 22. juli-markering er først og fremst til minne om offera. Men det er også ei støtteerklæring til dei som blei hardast ramma, og det er og ein del av ein nasjonal prosess.

Ein del av denne prosessen vil vi også merke i august: Då kjem dommen over gjerningsmannen. Då kjem også rapporten frå 22. juli-kommisjonen. Samfunnet er slett ikkje ferdig med 22. juli.

Sterke hendingar slår også inn i språket. 22. juli er ikkje lenger først og fremst ein dato i kalenderen. Det er eit nytt omgrep. Vi seier: «Aldri meir 22. juli.»

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv