Unio-leiaren sin replikk:
Tøffe helseprioriteringar
Norheim-utvalet har lagt fram sine forslag til korleis det skal prioriterast mellom ulike pasientgrupper og sjukdommar. ”Helsegevinst”, er eit nøkkelord i utgreiinga. Og debatten blussar opp. I den folkelege debatten finn vi dei som meiner at alle skal prioriterast likt, og at alle skal få den behandlinga dei ønsker. Andre vil helst ha formlar som kan avgjere kven som skal kome først, når ressursane manglar.
Publisert: 18. november 2014
Paradokset ligg i spenninga mellom behov og ressursar. På den eine sida – Noreg bruker relativt mindre enn mange andre land på helse. Vi ligg i midtsjiktet, målt mot BNP. Difor er det gode grunnar til å bruke meir på helse, særleg når det gjeld sjukehus. Køane er der, heile tida. På den andre sida: viss alle skal behandlast for det meste, vil ressursbehova vere uendelege, og veksten vil kome ut av kontroll. Sjølv eit rikt land som Noreg vil få problem med å drive eit helsevesen på grunn av slike krav. Og det praktiske prioriteringsansvaret vil ligge på helsepersonell kvar einaste dag.
Alternativet til samlande retningsliner for pasientbehandling, vil vere eit helsevesen som i endå større grad blir todelt. Eit privat og kommeriselt helsetilbod for dei som kan betale. Og eit offentleg tilbod for dei fleste, men som heile tida vil slite med kapasiteten. Og kanskje med kvaliteten og effektiviteten.
På sida av prioriteringsdebatten, skjer ei anna utvikling. Gigantonomien som i dag pregar sjukehusdebatten. Er det sikkert at større sjukehuskonsern og fjernstyring gir den mest effektive drifta? Neppe. Tidstjuvane ser ut til å trivast godt når gigantsjukehusa skal administrerast og styrast. Og drivast etter konsernmetoden. Eller fabrikkmetoden, der botnlina blir den viktigaste styringsverktøyet.
Sjølvsagt treng vi høgspesialiserte universitetssjukehus. Som ligg i kunnskapsfronten både når det gjeld behandling og forsking. Men til tider høyrest det ut som om alle helseplager treng dei aller mest avansert behandlingsmetodane. Slik er det ikkje. Mange – både unge og eldre er rett og slett berre sjuke – og kan behandlast på både mindre og mellomstore sjukehus. Berre dei får overleve, og ikkje blir tatt av gigantonomien.
Norheimutvalet har levert sine vurderingar. Innstillinga er eit godt grunnlag for debatt og avklaringar.
Men det trengst meir enn ein prioriteringsdebatt. Det trengst ein stopp i innsparingane, og vekst i den politiske viljen til eit godt sjukehustilbod landet rundt.