Unio-leiaren sin replikk:

Svaret er universitet?

Men kva er spørsmålet? Det verkar ikkje som høgskulane sjølve er heilt sikre på det, eller kanskje dei ikkje synest det er så viktig? Tendensen er i alle fall klar, viser ein ny rapport frå NOKUT: høgskular vil bli universitet, og fagskular vil bli høgskular.

Publisert: 18. juni 2013

Jakta på eit høgare akademisk nivå er forlokkande. Det er som i fotball – alle drøymer om spel i elitedivisjonen, i alle fall opprykk. Kanskje er Nokutrapporten inne på svaret når det blir antyda at det er frykta for å bli ståande att som ein av dei få som ikkje makta opprykket, som er svaret?

På nokre få år har talet på universitet auka frå fire til åtte. Somme har klart opprykket. Fleire ønskjer det same. Jakta på faglege prestasjonar er bra. Men er kvalitet avhengig av å heite universitet? Neppe. I mange tilfelle er det betre å vere framifrå som høgskule enn middels, kanskje svak, som universitet. I alle fall viss undervisning og studiekvalitet skal vektleggast.

Det kostar å bli universitet. Det kostar ressursar, og det krev satsing på mastegradar og doktorgradar. Det må vegast opp mot at primæroppgåva for mange høgskular er å utdanne yrkesutøvarar innan ei rekkje fagområde der basisen er bachelornivå – sjukepleiarar, radiografar,ergoterapeutar, fysioterapeutar, vernepleiarar, barnehagelærar og ingeniørar. For å nemne nokre. Lærarutdanninga er noko lenger. På desse områda er det ikkje lov å slakke på krava – eller på ressursane. Viss spørsmålet er gode fagfolk innan slike “velferdsyrke”, er det ikkje opplagt at hovudsvaretsvaret er universitet.

Antakeleg er det endå meir opplagt at svaret ikkje er “høgskule” viss fagskulane skal fylle ei rolle som praksisnær yrkesutdanning. Ikkje all utdanning må teoretiserast. Tvert imot – statusen til yrkesfaga og praksis må gjenreisast. Då må vi sikre at vi har utdanningsinstitusjonar som ivaretar dei kortare praksisnære utdanningane, slik mange fagskular gjer.

Studiekompetanse og universitet er ikkje svaret på alt. I somme tilfelle er det til og med feil svar.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv