Lønnstap for utdanning
I Aftenposten påskeaftan får vi ei viktig, og dessverre velkjent, tariffpåminning. Artikkelen illustrerer korleis eit lønnssystem kan nedvurdere utdanning: 40 000 kroner taper ein ufaglært helsearbeidar på å ta utdanning som fagarbeidar. «Jeg forstår ikke hvordan man kan gå ned i lønn når man har tatt utdanning», seier den nyslåtte fagarbeidaren til Aftenposten.
Publisert: 30. mars 2016
rbeidsgjevaren forklarer lønnsdumpinga med hovudtariffavtalen og ansiennitetsreglar. Ja vel, slik kan det kanskje forklarast. Lønnsgapet er likevel ”uforståeleg”. Nokon har forhandla bra for dei ufaglærte. Men når sant skal seiast: Vi snakkar ikkje om svimlande årslønner for nokon av gruppene.
Store lønnsforskjellar fekk vi også medieillustrert i påska: Enkelte tener så godt at dei kan leige inn hyttekokkar til fritidsluksusen sin slik at dei kan få tida til å strekke til! Og eg påstår ikkje at dei er ufaglærte! Men godt betalt får dei tydelegvis.
Utdanning skal lønne seg! Vi kjenner slagordet. Unio bruker det. Politikarar av så godt som alle fargar bruker det. Arbeidsgjevarar bruker det også av og til. Arbeidsgjevarar i offentleg sektor nøyer seg rett nok ofte med å kviskre det. Men uansett. Det stemmer dårleg med praksis. Utdanning lønner seg, men lønner seg dårleg. For den enkelte. Det er velkjent. Noreg ligg i botnsjiktet blant vestlege land når det gjeld betaling for utdanning.
Og ikkje nok med det. Politikarar, også av ulike fargar, synest dette er bra. Dårleg betaling for utdanning er bra for konkurranseevna, har ein ofte kunne lese i ymse regjeringsdokument. Sagt med andre ord, rett nok. Men bodskapen har vore der. Ganske lenge. Og har slått inn i lønnsdanninga. For konkurranseevna har handla om industrien – konkurranseutsett industri og frontfaget.
Men no skal det omstillast på brei front. Viss vi skal leve av kunnskap, må vi også omstille oss til å verdsette utdanning og kunnskap.
Og då kan vi minne om eit anna medieoppslag frå påska. Det er for tida 2800 ledige sjukepleiarstillingar. Om 20 år vil det mangle 28 000 sjukepleiarar. Og eg kunne trekkje fram ei rekkje andre kunnskapsyrke samfunnet vil vere avhengig av. Lønnsdumpinga kan ikkje halde fram.
Difor kan ikkje MODERASJON vere det einaste som gjeld i dei komande tariffoppgjera. Kunnskap og utdanning er viktigare.