Unio-leiaren sin replikk:

Kunnskap – ei sikker investering

Det er stramme økonomiske tider, og regjeringa maner til måtehald i offentleg pengebruk. Javel, vi forstår – eit stykke på veg. Ingen ønsker skyhøge rentenivå. Men det vi som samfunn ikkje har råd til er å redusere investeringane i kunnskap! Det har vore gjentatt og gjentatt – så godt som tverrpolitisk og unisont: Det er kunnskap vi skal leve av. Kunnskap er den nye oljen. Kunnskap er grunnlaget for det grøne skiftet.

Publisert: 7. desember 2022

Eg vil legge til: Utdanning og kunnskap er basisen for helsepolitikken, for arbeidslivspolitikken, for næringspolitikken. Kunnskap må kort og godt vere ein berebjelke i utviklinga og styringa av samfunnet.

Difor, og det er det overordna: det må satsast tungt og systematisk i heile utdannings- og kunnskapskjeda – frå barnehage til universitet og forskingsmiljø.

Godt utdanna og kompetent personell i heile utdanningssystemet er avgjerande for samfunnet.

Det er i høgare utdanning både den enkelte og samfunnet skal dra nytte av bagasjen frå dei andre ledda i utdanningskjeda. Det er mange gode grunnar – faktisk berre gode grunnar – til å investere i høgare utdanning og forsking. Det blir gjerne vist til to hovudargument: Det eine er kulturargumentet – kunnskap og danning er i seg sjølv eit gode for land og folk. Det andre er økonomiargumentet: Det lønner seg – for arbeids- og næringsliv, for helse og tryggleik i samfunnet. Begge argumenta er gyldige og verdfulle.

Dessverre ser vi at somme snakkar ned verdien av høgare utdanning og forskingsbasert kunnskap. I haust kunne vi lese at berre du har fartstid i eit yrke – ja, så er du kompetent til å utføre oppgåver som til vanleg krev lang utdanning og forskingsbasert kunnskap. Dette er både urimeleg, feil og uklokt.

Vi kan ikkje risikere snarvegar til å utdanne godt kvalifiserte sjukepleiarar eller radiografar, for å nemne eit par kunnskapsbaserte yrkesgrupper.

I Noreg må det forskast meir. Forsking er kostbart, forsking tar tid, men vi har ikkje råd til å la være.

Vi høyrer stadig at utdanningssystemet må tilpasse seg behova i arbeidslivet. Javel, men behova i arbeidslivet er kortsiktige, og nokre gonger svært usikre. Difor er grunnforsking så viktig!

Utdanning av høg kvalitet – frå barnehagar til og med høgare utdanning – er god samfunnsberedskap. Enten det gjeld helseoppgåver, politioppgåver – eller demokratisk deltaking og grunnlag for å ytre seg! Det er ei sikker investering.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv