Unio-leiaren sin replikk:
Ikkje nok å krevje høgare pensjonsalder
Den nye arbeidsministeren har gått hardt ut. Meldingane er ikkje til å misforstå: arbeidslina skal vitaliserast og pensjonsalderen skal opp. Dette er to sider av same sak. Fleire skal arbeide lenger. Men ministeren må ikkje gløyme at ho skal ha folk med seg.
Publisert: 20. november 2023
Det er ei stund sidan pensjonsreforma vart vedtatt. Mange utgreiingar låg til grunn, og mange har det vore i etterkant. Det kjem til å bli fleire. Alt er ikkje på plass. Det er nok å minne om uløyste saker som uføre, AFP og særaldersgrenser.
Levealdersjusteringa har blitt framstilt som det store kinderegget i pensjonsreforma. I realiteten er det ei kraftig innstramming. Yngre årskull må arbeide stadig lenger etter kvart som den gjennomsnittlege levealderen aukar. På mange måtar er dette ein logisk konsekvens, i alle fall slik pensjonssystemet er bygd opp. På denne måten blir arbeidslina ein del av pensjonslogikken.
Problemet er likevel at slett ikkje alle maktar å leve opp til denne logikken. Dei klarer ikkje å arbeide lenge nok til å få ein anstendig pensjon. Då er alternativa låg pensjon eller trygdeytingar i kortare eller lenger tid. Det var ikkje målet med pensjonsreforma.
Problema ser ut til å vere størst i ein del kvinnedominerte yrke, og då særleg i offentleg sektor. Gjennomsnittleg avgangsalder for sjukepleiarar er om lag 58 år. Også barnehagelærarar blir pressa tidleg ut av arbeidslivet. Tidlegare var lærargruppene blant dei som brukte den klassiske AFP-ordninga mest. Den blir gradvis avvikla i det nye systemet. Statsråden seier også at ein må finne løysingar for «slitarane», og det blir særleg vist til menn med tunge løft i industrien.
Men for mange av kvinnene handlar det om ein kombinasjon av tungt arbeid – både fysisk og mentalt. Det psykososiale arbeidsmiljøet er ofte så belastande at det blir umogeleg å leve opp til arbeidslina og lange yrkesløp.
Difor held det ikkje å berre bruke overskrifta «pensjonsalderen skal opp»! For mange er dette rett og slett urealistisk. Viss regjeringa skal få folk med seg, må første steget vere ei «storreingjering» av det psykososiale arbeidsmiljøet i ei rekkje yrke.
Her er det på sin plass med både strategiar, handlingsplanar og pengar. Godt arbeidsmiljø er betre insentiv for auka pensjonsalder enn trussel om lågare pensjon!