Unio-leiaren sin replikk:
Når konkurranse skaper problem
Så har det skjedd igjen. Konkurranseutsetting og anbod skaper problem. Dei ansvarlege er som vanleg overraska. Men selskapet sine folk skundar seg med å legge til: «Dette er berre mindre «overgangsproblem», og ingen skal vere redde for tryggleik eller beredskap. Snart er alt i orden». Og helseministeren kviskrar at han forventar at dette raskt fungerer.
Publisert: 8. juli 2019
Denne gongen handlar det om ambulansefly. Ei livsviktig teneste i helsesektoren. Frå 1.juli overtok det svenskregistrerte selskapet Babcock drifta av størstedelen av ambulanseflytenesta her til lands. Oppstarten er slett ikkje perfekt. Det viser seg at fleire av flya som skal brukast – i alle fall den første tida – verken kan lande eller lette frå ei rekkje av kortflyplassane i Nord-Noreg og på Vestlandet. Det høyrest heilt molboaktig ut. Men det er altså sant.
Dette kjem på toppen av ei rekkje med andre problem og mykje uvisse etter at Badcock vann anbodet. Dei var billegast. Men lønns- og arbeidsvilkår kom dermed under press. Rettssak er under vegs. Og framleis har ikkje alle pilotar fått nødvendig opplæring. Utruleg!
Dei fleste hugsar vel då selskapet Veireno skulle ha ansvaret for renovasjonen i Oslo. Dei var kjempebillige. Men problemet var berre at dei ikkje greidde å gjere jobben. Det stinka over heile Oslo, på meir enn ein måte. Og kommunen måtte ta over. Og det funkar.
Veireno blei eit nyord for skandale. Babcock slit også, om enn ikkje på Veireno-nivå så langt. Vi må forvente at styresmaktene – inkludert regjeringa – syter for at pasientane får eit forsvarleg flytilbod umiddelbart. Med fly som både kan lande og lette der dei skal.
Kvifor kan ikkje ambulanseflytenesta vere ein vanleg del av det offentlege helsetilbodet, slik resten av ambulansetenesta er? Desse flya er faktisk ein del av sjukehusstrukturen i det langstrakte landet vårt. Ein bør ikkje drive ideologisk eksperimentering med så vitale tenester.
Så skal det i all rettferd leggast til at det var driftige og dristige private aktørar som var pionerar på dette området. Men heller ikkje det er eit argument for å konkurranseutsette eit velfungerande tilbod til billege utanlandske aktørar.
I heile oppveksten min kunne eg frå stoveglaset sjå ferja som gjekk fram og attende over Voldsfjorden. Ferja var ein del av kvardagslivet, eigd og styrt av fylkeskommunen. Det blei sagt at dei viktigaste politiske verva i fylket var å rå over ferjer og skip – og dei lengste møta handla om rutetidene. Seinare blei selskapet både omorganisert og privatisert. Mange var sorgtunge då eit nytt og framandt selskap likevel vann anbodet. Det har gått bra. Til og med eldre og trufaste ferjereisande kan vedgå at nyordninga fungerer bra – på tomannshand kan dei til og med seie «betre enn før».
Konkurranse kan vere bra på mange område. Men det er ikkje slik at det automatisk fører til betre resultat enn med offentleg drift. Det er overtru. Eg påstår heller ikkje at konkurranseutsetting er dømd til å bli mislukka. Men skal det gå bra, må alle involverte partar gjere jobben sin. Og det nyttar i alle fall ikkje å lite på at billegast er best.