Unio-leiaren sin replikk:
Store og små prioriteringar
Regjeringa strevar både med å forklare og forsvare budjettet sitt. Det eine problemet ligg i skattepolitikken. Profilen i kutta i formueskatten ser ut til å ha langt svakare støtte enn regjeringa rekna med. Det er dei aller rikaste som blir prioriterte. Og at det i seg sjølv skal skape massevis av nye investeringar og nye arbeidsplassar, verkar lite sannsynlig.
Publisert: 27. oktober 2014
Men når regjeringspartia, særleg finansministerens FrP, stuper på meiningsmålingane, handlar det nok vel så mykje om kutta i den andre enden av stigen. Eller rettare, misforholdet mellom kutt i formueskatt og til dømes kutt i barnetillegget for uføretrygda.
I uføresaka blir regjeringa kritisert urimeleg hardt. Uførereforma blei vedtatt i Stortinget under den førre regjeringa. Dagens regjering har følgt opp, gjort nokre forbetringar, men samstundes stramma urimeleg hardt inn på barnetillegget. Då kjem kritikken.
Folk flest reagerer også på dei mange kutta som rammar særskilte formål. Det er ikkje store kutt. Ikkje mange pengar. Det er småpengar. Men det er smålege kutt.
Pressestøtta og produksjonsstøtta blir kutta. Lokalaviser får dårlegare vilkår. Desse er viktige for debatt og demokrati landet rundt. Endå verre blir det viss det skal sparast for at laurdagen skal bli postfri dag. Men det verkar som om regjeringa trur at berre ein får større kommunar og færre politikarar, blir folk meir engasjerte i folkestyret.
Ikkje eingong den kulturelle spaserstokken fekk vere i fred. Ei statleg løyving på knapt 30 millionar har gitt rom for kulturopplevingar og kveik i kvardagen for mange eldre. Men profesjonelle kulturtilbod står ikkje høgt i kurs hos regjeringa. I alle fall ikkje når målgruppa er eldre. Nei, song og musikk får dei tilsette på sjukeheimane ta seg av, er bodskapen. Dei har vel tid til slikt. Eller kanskje handlar det om at kommunalministeren skal få fleire tidstjuvar å fange?
Men eitt er sikkert: regjeringa prioriterer. Mange små og smålege kutt for å løfte dei rikaste.
Og i tillegg til å vareta dei rikaste, syter regjeringa for at AP-Jonas kan flyge høgt på meiningsmålingane. Akkurat no slit regjeringa i debatten mellom store og små prioriteringar. Ikkje underleg at Siv brukte uttrykket skræmselspropaganda 19 gonger i talen til landsstyret sitt for nokre dagar sidan!