Unio-leiaren sin replikk:

Linda som «kraftsosialist»

Det var fleire enn eg som frykta heimekontor-hallusinasjonar då Linda Hofstad Helleland i førre veke hevda at no måtte vern vike for vekst. Vi kunne ikkje lenger unne oss den luksusen at miljø- og klimapolitikk fekk fortrenge nye arbeidsplassar, uttalte ho til Aftenposten og andre medium. Ho snakka som leiar i Høgre sin programkomité. Men ho minte om ein kraftsosialist frå gamle dagar. Han som meinte at ingen fossar var så fine som dei som var lagde i rør.

Publisert: 5. mai 2020

Linda Hofstad Helleland har rett i at det hastar med å skape arbeidsplassar, ikkje minst i lys av koronakrisa. Men ein skulle forvente at ein programkomitéleiar, som i tillegg er distrikts- og digitaliseringsminister, var meir opptatt av å sjå framover enn å sjå bakover. Mange reagerte. Og ho vart også tydeleg korrigert av Erna, partileiar og statsminister.

Distriktsministeren kan også ha rett i at mange har meint og framleis meiner at det er eit klart motsetnadsforhold mellom vekst og miljø. Somme miljøforkjemparar meiner at økonomisk vekst ikkje kan sameinast med forbetring av klimaet og vern av miljøet. Likevel blir dette utspelet ein skivebom. Dette kjem i ei tid der dei fleste partia sluttar opp om ambisiøse klimamål, der statsrådar går rundt med signalknappar for FN sine berekraftsmål på jakkeslaga, og der partia konkurrerer om å snakke varmt om grøn vekst. I tillegg drøftar arbeidstakarorganisasjonar korleis ein skal etablere grøne tariffavtalar. I slik kontekst skulle ein tru distriktsministeren ville tenke litt meir langsiktig enn å spele på gamle konfliktar.

Særleg risikabelt vil det vere for distrikta å satse einsidig på arbeidsplassar som nærmar seg avvikling. Same kva for oljepolitisk ståstad ein har, er det stadig fleire som erkjenner at gullalderen for storsatsinga på olje går mot ein ende. Det må skapast nytt. Det må jaktast på alternativ. Men det finst rikeleg med kompetanse, erfaring og framtidstru i Distrikts-Noreg som distriktsministeren og digitaliseringsministeren kan spele på.

Vi ser stadig fleire gode og lønnsame døme både i industrien og i tenesteytande næringar. Ikkje minst er det eit stort potensial for grøn vekst i sjøfarten og i maritime næringar. Men då må det vere vilje til å satse på skipsfarten og sjøfolka!

Den sikraste vegen til nyskaping, berekraft og nye arbeidsplassar er gjennom satsing på kunnskap og kompetanse. Difor er det no viktig å auke den samla forskingsinnsatsen her til lands. Samspelet mellom forskingsinstitusjonar og nærlingsliv må styrkast. Det er viktig nettopp for framtidige arbeidsplassar. Dessutan kan det forsterke samfunnsberedskapen både på kort og lang sikt. Ikkje noko av dette er luksus. Det handlar om «å ta ut potensialet for hver eneste nye jobb i hver eneste næring», nettopp slik Hofstad Helleland ønsker det. Men då må ein prøve å kople vekst og vern, ikkje dyrke gamle konfliktar.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv