Unio-leiaren sin replikk:

Kvifor sviktar universiteta?

På nytt får vi dokumentert at universitets- og høgskulesektoren sviktar ei gruppe medarbeidarar. Overforbruk av mellombels tilsetting har vore ein gjengangar i tiår etter tiår. Når somme institusjonar innfører ein stillingskategori som blir kalla «fast mellombels» er det eit klart brot med den norsk arbeidslivsmodellen. Slik nytale skal vi ikkje ha.

Publisert: 13. mars 2023

Analyseselskapet PROBA har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei analyse av ekstern finansiering og bruken av mellombels tilsetting i UH-sektoren. Statsråden skal ha ros for å ha bestilt rapporten. Dermed får vi endå ein gong påvist overforbruket, eller misbruket, av mellombels tilsetting i sektoren. Difor er det med god grunn at leiar i Forskarforbundet, Guro Lind, krev handling her og no. Kravet er naturleg nok retta mot både statsråden og mot institusjonane. Forskarforbundet har Unio si fulle støtte. Problemet har dessutan vore omtalt i denne spalta i årevis.

Det er ikkje overraskande at krava om ekstern finansiering er ei medverkande årsak til at institusjonane gir ei gruppe medarbeidarar usikre tilsettingsvilkår. I rapporten blir det slått fast at det ligg føre det som blir kalla ei målkonflikt. På den eine sida er målet at den eksterne finansieringa skal aukast. På den andre side er bodskapen at viss ein skal redusere omfanget av mellombels tilsetting må ein redusere den eksterne finansieringa.

Det går an å forstå at både institusjonane og leiarane opplever dette som problematisk. Samstundes verkar det som «normalisert» at det er stillingsvernet som må tape. Dersom resten av arbeidslivet, særleg den private sektoren, skulle følgje den same logikken, ville omfanget av mellombelse stillingar i det norske arbeidslivet ha vore på eit heilt anna nivå enn det er. I dag er om lag 10 prosent av arbeidsstyrken tilsett i ulike former for mellombelse stillingar. I UH-sektoren er andelen betydeleg høgare, sjølv om det har vore ein viss nedgang dei seinare åra.

Også internasjonalt blir det store omfanget av usikre tilsettingsvilkår for akademisk personale sett på som eit problem. Det gjeld både for den einskilde arbeidstakaren, men det er også eit problem at dette på lengre sikt kan svekke den faglege kvalifiseringa. Difor er søkelyset, både i OECD og EU, retta mot tiltak som kan hindre at framveksten av eit forskarprekariat bit seg fast og forsterkar seg.

Verken den norske arbeidslivsmodellen eller norsk akademia kan leve med at eit slikt forskarprekariat får slå rot. For nokre år sidan hadde Forskarforbundet ein aksjon retta mot å stoppe misbruket av det som då blei kalla «lausungane» i UH-sektoren. Det er også på sin plass å minne om at i tillegg til usikre tilsettingsvilkår har også svakt lønnsnivå vore eit problem som kjenneteiknar «forskarprekariatet».

PROBA-rapporten viser til både tidlegare utvalsarbeid og tiltak som har vore prøvd for å få bukt med problemet. I tillegg blir det i rapporten lansert ein del nye tiltak retta både mot Kunnskapsdepartementet og mot institusjonane. Eg går ikkje inn på desse her.

Det er i alle fall opplagt at både finansiering, kultur, praksis og målkonfliktar på nytt må under lupa. No trengst det kort og godt ein konkret og forpliktande strategi som kan redusere misbruket av mellombels tilsetting i UH-sektoren. Eit forskarprekariat er ikkje kunnskapsnasjonen Noreg verdig!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv