Dumping av utdanningskrav

Altfor ofte ser vi at det skjer “kompetansedumping” i samband med tilsettingar i offentleg sektor, særleg i kommunane.

Publisert: 30. januar 2017

Når ein etter utlysing ikkje får kvalifiserte søkarar til lærarstillingar, til stillingar i helsesektoren og i barnehagen, eller på andre område, fiksar ein det ved å redusere krava til utdanning og kompetanse. I andre tilfelle blir dei med best utdanning valde vekk fordi dei er for “dyre”. Slik devaluering av utdanning er nærast blitt ein vanleg marknadsmekanisme i ein del kommunar. Men ikkje berre der.

I den siste tida har vi gjennom media blitt kjent med to andre saker, der krava blir endra og nedjusterte. Den eine handlar om statsråd Jan Tore Sanner som utlyser ei statleg direktørstilling for andre gong, trass i at fleire søkarar tilfredsstilte utlysingskrava. Men for å få den “rette” personen, blir stillinga lyst ut på nytt – utan krav til høgre utdanning. Den andre saka gjeld også ei direktørstilling, på høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Trass i mange søkarar, blir stillinga lyst ut på nytt – også her med reduserte krav til høgre utdanning.

Både statsråden og rektor ved HiOA møter seg sjølve i døra: Begge stiller utdanningskrav, for deretter å neglisjere dei, visstnok til fordel for praksis. Praksis må sjølvsagt kunne telje med, men å sjå vekk frå eller endre opphavleg utlysingsvilkår, og å dumpe både grader og utdanning, er mildt sagt merkeleg. Særleg når det skjer ved ein høgskule som ivrar etter å bli universitet.

Men verre enn som så: Både statsråden og rektoren legitimerer gjennom dette den årelange “kompetansedumpinga” som det er altfor mange døme på, særleg i kommunesektoren.

I neste omgang blir det ofte iltre debattar om bruken av svakt kvalifiserte eller ufaglærte, og politikarar av ulike slag riv seg i håret og lurer på kva som må gjerast for å bøte på dette. Det første bør i det minste vere å slutte å redusere kompetansekrava som førstetiltak.

Høgskuleleiinga har sikkert sine grunnar til å lyse ut den aktuelle direktørstillinga på nytt. Likevel er det ille å registrere at leiinga ved ein av våre største høgskular gjer seg til eit “forbilde” for ein praksis der det er legitimt å dumpe utdanningskrav. Denne symbolpolitikken får nok mange studentar tidsnok oppleve – når dei skal ut i praksis.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv