Unio-leiaren sin replikk:

Usynlege rikingar

Det der lov å tene pengar her til lands. Også mykje pengar. Mange som tener mykje pengar jobbar steinhardt. Mange som tener lite jobbar også steinhardt.

Publisert: 28. september 2015

For litt sidan (20.9) skreiv Knut Olav Aamås, direktør i Fritt Ord, ein artikkel i Aftenposten der han sette søkelyset på dei stadig fleire som tener store pengar – millionvis av kroner. Han snakka om dei tause rikingane. Dei vi veit er der, men som vi høyrer lite til: Aksjemeklarar, eigedomsmeklarar og andre som gjer det økonomisk svært bra. Som bryt grenser, langt utanfor rekkevidda til vanlege lønnstakarar.

Aamås sette fokus på den skjulte makta som ligg i at enkelte grupper hentar inn store rikdomar, og at dette er eit fenomen som utfordrar den norske likeverdstradisjonen.

Det blei mange og kraftige reaksjonar frå dei anonyme rikingane. Mange var svært så foruretta og fornærma. Over kva, var litt vanskeleg å forstå. Brått var ikkje alle så anonyme likevel. Dei ville forsvare seg. Utan eigentleg å vere angripne. Men igjen og igjen blei det understreka at dei jobba hardt og lenge. Det er sikkert rett. Dessutan har det jo vore litt av den norske tradisjonen at rikdom skal ein ikkje prale med. Ein skal vere nøktern sjølv om ein er rik.

Men så kan ein likevel undre seg over at somme typar arbeid er så ekstremt mykje meir verdt enn anna arbeid i samfunnet vårt. Somme av desse tar nok større risiko enn folk flest. Og det kan vere kort frå suksess til fiasko. Men likevel. På tre år, frå 2010 til 2013, har talet på personar med bruttoinntekt på meir enn fem millionar auka frå 2200 til 3000. Ein auke på over 35 prosent. Aamås viser også til at i 2013 var det 21 000 personar med ei formue mellom 10 og 50 millionar.

Det at grupper som dette rykker lenger og lenger frå lønnsgjennomsnittet, er med på å forklare veksande skilnader mellom folk, også i Noreg. Det har OECD peika på i fleire rapportar dei siste åra. Gapet veks også fordi innvandringa drar botnen nedover.

Pengar er makt. I dette tilfellet handlar det om ei makt som sjeldan er til offentleg debatt.

Dermed blir det i liten eller ingen grad diskutert kva som gjer denne typen «konsulentarbeid» så ekstremt verdifullt. Kva for verdiar blir skapte. Og korleis kjem verdiane til uttrykk?

Eller for å sitere Aamås: «Hva gjør det med Norge?»

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv