Fagskulane vil kopiere tabbane frå yrkesopplæringa

I meir enn 20 år har det vore eit politisk mål å heve statusen til fag- og yrkesopplæringa. Verkemiddelet har vore å knyte fagopplæringa til studiekompetanse. Det har vore ein tabbe. No vil somme fagskulemiljø gjenta den same tabben. Bodskapen er i praksis at fagskule ikkje er bra nok. Vi må bli meir like høgskulane.

Publisert: 23. juni 2016

Frå mange hald kjem det hyppige erklæringar om kor viktig fag- og yrkesopplæringa er. Arbeidslivet treng fleire og betre fagarbeidarar, slår politikarar i alle leirar fast. Og har rett. Statusen til yrkesfaga må opp, er kravet. Men status kan verken krevjast eller vedtakast.

Det tragikomiske er at dette statusløftet, som var ein del av ideen bak Reform 94, skulle skje ved å kaste vrak på hovudelement i den yrkesfaglege læringstradisjonen. Yrkesfaga skulle basere seg meir på den akademiske gymnastradisjonen, prega av teori og førebuing til universitetsstudiar.

For mange unge har dette blitt vegen vekk frå utdanning og kompetanse, og for somme har dette blitt ein altfor høg terskel til arbeidslivet. Også fordi dei har blitt utkonkurrert av billeg utanlandsk arbeidskraft. Læreplassar er mangelvare.

Yrkesfaga er ikkje berre viktige. Dei er heilt nødvendige, ikkje minst i det framtidige arbeidslivet. Teori trengst definitivt. Denne må forankrast i den yrkesfaglege læringstradisjonen – kombinasjonen av praksis og relevant teori under tett rettleiing og oppfølging av kyndige aktørar – i skulen eller på arbeidsplassen.

Somme har prøvd å ”fikse” dilemmaet ved å foreslå all gjennomført vidaregåande opplæring skal gi studiekompetanse. Det ville vere endå eit feilsteg, og ei svekking av både den yrkesfaglege og den akademiske utdanninga. Begge må verdsettast, og det er viktig med fornuftige overgangsordningar og påbyggingstilbod.

Midt i tautrekkinga om fagopplæringa, har vi fått ein tilsvarande debatt om fagskulane. Somme i desse miljøa vil kopiere tabbane som har råka yrkesopplæringa. Det såkalla Fagskulerådet ivrar for å få tildele studiepoeng og for å bli minihøgskular. Dei håper kanskje at dei dermed skal overta høgskulebegrepet, sidan dei fleste høgskular gjerne vil bli universitet.

Fagskulane kan fylle ei svært viktig rolle med tanke på yrkesretta utdanning, inkludert etterutdanning og vidareutdanning. Men då må dei vere relevante og tilgjengelege for fagarbeidarar av ulike kategoriar. Framfor alt må det satsast på innhald og kvalitet som er relevant for eit arbeidsliv i endring.

Ønsket om å bli nesten-høgskular er ikkje vegen til status og relevans, verken for dei praktiske faga eller for ungdom som har interesser i den lei.

Ein tabbe blir ikkje reparert gjennom repetisjon. Det blir berre to tabbar. Det gagnar verken fagopplæringa eller fagskulane. Og slett ikkje praksisivrige ungdommar.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv