«Veireno»
«Veireno» er i ferd med å bli eit nyord for fiasko. Eller for skandale. Søppelkaoset prega hovudstaden i månadsvis før det blei tatt affære.
Publisert: 3. mars 2017
– Kontrakten skulle aldri har vore inngått, slo byrådsleiar Raymond Johansen til slutt fast. Då var renovasjonsdirektøren sparka, arbeidstidsreglane var smadra, og Veireno var konkurs. Oslo kommune måtte ta på seg arbeidsgjevaransvaret. Og framleis flyt det med søppel mange stader. Kanskje ikkje på Aker Brygge, der Veireno-direktøren har kjøpt seg luksusbustad.
Saka illustrerer kor ille det kan gå når anbodskonkurransar blir prisgalskap. Eit system der billegast blir definert som best. Det var tydelegvis det som var styrande for det borgarlege byrådet som inngjekk skandalekontrakten. Slagordet «konkurranse gir kvalitet» har gått på eit sviande nederlag.
Konkurranse kan gi kvalitet. Men då må vilkåra vere fleire enn låg pris. Det beste som kan seiast om Veireno-saka, er at det kanskje har vore ein tankevakkar – også for somme av anbodsfantastane. I alle fall er det teikn på at kommunar landet rundt har lært at dei ikkje skal lære av hovudstaden.
Parallelt med Veireno-debatten, har vi høyrt andre skakande resultat av anbodsregimet og jakta på billege løysingar. Det er velkjent at mange norske bedrifter – også bedrifter med offentleg eigarskap – har konkurranseutsett og outsourca sentrale IT-tenester. Det skapte sjokkbølgjer då det blei kjent at IT-folk i India hadde hand om sentrale tenester på raffineriet på Mongstad.
Endå større blei overskriftene då det kom fram at det same gjeld for det norske nødnettet. Her handla det til alt overmål om at først var tenester outsourca til private her til lands som i neste omgang hadde gått vidare til India. Også dette handlar om pris. Om at det er billegare tenester å kjøpe utanlands.
I tillegg handlar det om kompetanse. Og det er opplagt at norske kompetansemiljø blir svekka når store bedrifter, som til dømes Statoil, vel å gå utanlands for å kjøpe tenester. Og på toppen av det heile planlegg også norske sjukehus å følgje etter! Det blir ein vond sirkel. Først bygge ned heime, kjøpe billeg ute, for så å grunngi med at kompetansen heime manglar eller er for dyr.
Eg argumenterer ikkje for proteksjonisme. Det kan vere både fornuftig og nødvendig med både anbod og priskonkurranse. Men ikkje utan å sikre tryggleik og kvalitet. Også for arbeidsfolka som skal levere tenestene.
Det er bra om Oslo lærer av eigen Veireno-feil. Endå betre er det om andre aktørar – landet rundt – lærer at billeg ikkje betyr best, eller at uhemma konkurranse er det same som kvalitet.