Unio-leiaren sin replikk:

Likelønnsbremser?

– Vi er mot ein likelønnspott, men vil prioritere likelønn. Slik vil eg oppsummere arbeidsgjevarhaldninga etter tariffdebatten under Unios tariffseminar i førre veke.

Publisert: 12. mai 2010

Unntaket var Kristin Vinje, finansbyråd i Oslo, som viste til fellesbrevet frå Oslo kommune og Unio etter streiken i 2008. I brevet til regjeringa etterlyser begge partane
ekstra pengar for å finansiere eit nødvendig likelønnsløft.

KS og Unio sende eit tilsvarande brev, og forhandlingsdirektør Per Kristian Sundnes hugsa det ved nærare ettertanke. Men han var likevel ingen ihuga tilhengar av ein liklønnspott.

Viseadministrerande direktør i Spekter, Anne-Kari Bratten, var derimot klar og kritisk til ein likelønnspott. Likelønn er partane sitt ansvar, slo ho fast.

“Nei til likelønnspott” er overskrifta på Spekters heimeside. Samstundes seier Anne-Kari Bratten at det er “for mange forutsetninger til de løftene som kan leses ut av Soria Moria-erklæringen”. Regjeringsformuleringane er slett ikkje perfekte. Men å bruke dei som argument mot likelønnspengar illustrerer tydeleg Spekters posisjon.

Dette minner om Spekters haldning til skift/turnus-saka: dei gjekk imot å likestille arbeidstida for turnusarbeidarar i helsesektoren med arbeidstida for skiftarbeidarar i industrien. Det er i og for seg ei ærleg sak. Og ikkje ei uventa arbeidsgjevarhaldning.

Spekter er arbeidsgjevar mellom anna for dei offentlege sjukehusa. Rett nok heiter det helseforetak i vår dagars nytale. Mykje er underleg i helsepolitikken.

Det er til dømes på grensa til det fasinerande at staten held seg med ein arbeidsgjevar som går i motregjeringa sin likestillingspolitikk.

Anders Folkestad
Unio-leiar

Arkiv