Unio-leiaren sin replikk:
Pensjon og posisjonering
Mange har sterke meiningar om offentleg tenestepensjon. Av og til blir pensjonsvilkåra framstilte som dårlege – særleg for framtida. Det har gjerne vore utspel frå regjeringshald som har peika i den retninga. Regjeringa fekk som kjent ikkje gjennom sin “innsparingsmodell” under forhandlingane i 2009. Difor har dei stadig presentert det dei meiner er svake sider ved ordninga.
Publisert: 14. januar 2013
Men dei sterkaste åtaka kjem frå arbeidsgjevarsida. Sist ute var NHO-direktøren, Kristin Skogen Lund. I NRK kravde ho at statsministeren måtte endre pensjonsvilkåra i offentleg sektor! Då har vi i alle fall fått ei avklaring. Det handlar sjølvsagt om å svekkje pensjonsvilkåra. Ikkje ein gong de ivrigaste reformatorane i regjeringskvartalet trur vel at NHO vil ha betre vilkår? Med andre ord – det er gode grunnar til å forsvare 2009-avtalen om offentleg tenestepensjon. Det gjer Unio.
Det er stor variasjon i ordningane for tenestepensjon i privat sektor. Somme har betre vilkår enn offentleg tilsette. Andre har dårlegare. Og det er stort sett arbeidsgjevar som einsidig bestemmer, utanom tariffavtalane. Tenestepensjon i privat sektor er under utgreiing. Det er difor usikkert kva NHO vil endre offentleg pensjon til. Men mange vil at systemet skal ende opp som såkalla innskotspensjon. Finansnæringa vil at vi alle skal ordne pensjonen ved å spele med aksjar eller liknande. Ansvar og risiko skal flyttast over på arbeidstakarane! Finansnæringa posisjonerer seg tydelegvis.
Levealdersjusteringa er det store innsparingsforslaget i pensjonsreforma. Det er vedtatt av Stortinget, og gjeld for alle. Det inneber at folk må stå noko lenger i arbeid for å få “full pensjon”, t.d. 66 prosent av sluttlønna. Ein person fødd i 1972 må antakeleg stå eit par år lenger for å oppnå 66 prosent av sluttlønna.
I løpet av den næraste framtida skal regjeringa presentere sitt opplegg for korleis tilpassinga for årskulla fødde etter 1958 skal skje. Det blir spennande og viktige drøftingar. At dette, saman med drøftingar om uførepensjon, kjem i eit valår, gjer det ikkje mindre spennande.
Kva vil og vågar regjeringspartia, særleg Arbeidarpartiet, i denne prosessen?