Unio-leiaren sin replikk:
Fleksibilitet og god jul
Kven vil ikkje vere fleksibel? Kven vil ikkje ha fleksibilitet? For kva er alternativet – å stå med begge føtene på jorda? Stillstand? Og i alle fall – få likar å bli oppfatta som bakstreverske.
Publisert: 20. desember 2013
Det er vel nettopp dette regjeringsrepresentantar og arbeidsgjevarar spelar på når dei stadig appellerer til fleksibilitet – utan å vere meir konkret? Dei fleste oppfattar nok fleksibilitet primært som eit positivt omgrep. Det signaliserer at ein er i tida – at ein er med og deltar i utviklinga.
Fleksibilitet vil seie at noko er bøybart. At posisjonen endrar seg. Men i motsetnad til elastisitet, går det ikkje utan vidare tilbake til utgangsposisjonen. Det som er fleksibelt blir i den nye posisjonen til det på nytt blir “fleksibilisert” tilbake eller til ein ny posisjon.
I den politiske retorikken er fleksibilitet særleg knytt til arbeidslivet. Til arbeidstid og tilsettingsform, fast eller mellombels. Fleire av arbeidsgjevarorganisasjonane er så ivrige at dei legg inn ord som fleksibilitet og forenkling nesten same kva sak det handlar om.
Paradokset er at den eine rapporten etter den andre viser at dei har fått fleksibilitet. Arbeidstakarane leverer unntak, tilpassingar og endringar i stor stil, sa den siste FAFO-rapporten om arbeidstid. “Unormalt arbeid er normalt”, skreiv Dagens Næringsliv. Eg registrer også at arbeidsgjevarane kjem med få konkrete forslag til endringar.
Bortsett frå KS då. Der i garden synest dei at arbeidstida for lærarane er for fleksibel. I så måte vil dei gå motsett veg, mindre fleksibilitet. Rett nok legg dei i klartekst til at målet er meir styringsrett.
Då er vi der: arbeidsgjevarane vil ha meir makt over arbeidstida. Fleksibilitet er omvegen. Difor går debatten.
Arbeidsmiljølova er ikkje perfekt. Men verneprinsippet slår Unio ring rundt. Og lova gir viktige haldepunkt for arbeidstida.
Vi får sjå om debatten endar i strid i 2014.
Til den tid: Ha ei fleksibel jul. Hugs haldepunkta. Tenk på alle dei som også i julehøgtida held hjula i gang.
På nyåret er dei fleste attende til “normalen” – fleksible som vi er.