Unio-leiaren sin replikk:
Stakkars toppsjefar
Toppsjefar har det ikkje lett i våre dagar. Særleg har visst Spektersjefar det ille. Einsame kjempar dei heroisk for den store «helhet». Utan at folk blir med i fakkeltog for jobben dei gjer. Ingen bryr seg om heilskapen, klagar Spekter. Om ein skal tru reportasjen i «Ukeavisen Ledelse» etter Spekterkonferansen sist veke.
Publisert: 24. mars 2014
Spekterdirektøren og sjukehussjefane må «forholde» seg til 35 fagforeiningar og 200 pasientorganisasjonar. Og både pasientar og pårørande vil ha sitt å seie. Ja, til og med politikarar bryr seg om kva som skjer i sjukehusa! Og viss ho hadde villa, kunne ho også lagt til at ikkje sjeldan står faglege sjefar i sjukehusa fram med kritiske synspunkt.
Men ingen gjer livet surare for Spektersjefen enn Arbeidstilsynet. Tenk det, Arbeidstilsynet, fører tilsyn med sjukehusa. Ikkje rart Bratten blir frustrert. Arbeidstilsynet har til og med sett på sjukehusa fleire gonger, og har planar om ny visitt. Slik heilskap vil ikkje Bratten ha noko av. Og ikkje nok med det – sjefane forstår ikkje ein gong kva Arbeidstilsynet vil.
«Jeg er bekymret for at Arbeidstilsynet er i ferd med å miste sin legitimitet», seier Spektersjefen. «Hos arbeidsgiverne», legg ho til. Difor er det på tide at Arbeidstilsynet blir underlagt kontroll og tilsyn, meiner Bratten. Som plutseleg gløymer at ho meiner det er for mykje kontroll.
Det har altså ikkje gått berre bra for sjukehusa når Arbeidstilsynet har vore på besøk. Pålegga har blitt mange. Og verst – ein del av diagnosen etter ei tidlegare tilsynsrunde var at HMS-kulturen i sjukehusa var svak. Det svir når glansbildet ikkje toler møtet med tilsynet.
Vi høyrer stadig at både fartssyndarar og promillekøyrarar meiner at det er kontrollen som har skulda når det går gale. Eller så er det reglane som er feil.
Ein Spektersjef som tar på seg offerrolla stoppar nok ikkje Arbeidstilsynet frå å gjere jobben sin.
«Ukeavisen Ledelse» kommenterer Spekterkonferansen som ein arena der sjefane boltra seg i «fragmentert klagesang om manglende helhet». Det verkar som ei presis diagnose, som står seg også etter konferanse slutt.
Men no er kampropa pugga. Og sjefane er mange nok til å lage fakkeltog. Det står att å sjå om dei vågar seg ut i gatene!