Restart Dusteforbundet?

Det er lenge sidan no. Men somme hugsar sikkert Fredrik Stabel som gjennom presidenten i Dusteforbundet, Darwin P. Erlandsen, leverte sine elegante kommentarar til store og små hendingar i politikken og i medielandskapet. Det var ikkje få etatar og tenestemenn, offentlege som private, som fekk sviande kommentarar i Dagbladets spalte, med påfølgjande medlemskap i Dusteforbundet. Eg trur regjeringa, med sitt såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt i staten og i sjukehusa, hadde vore ein sikker kandidat til medlemskap i Dusteforbundet.

Publisert: 3. oktober 2018

Ein av karakterane var leiaren for Dusteforbundets avskrivingsbyrå, frøken Lille-Maud Vonlausbråten. Ein kan lure på om regjeringa har leigd inn frøken Vonlausbråten for å sikre seg at kutta skal kome igjen år for år – gjennom sitt såkalla avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt i staten og i sjukehusa. Denne ostehøvlinga er eit blindt kutt, som har vore gjentatt årleg i Solbergregjeringa si tid. Regjeringa har så langt repetert eit kutt som har svekka statleg sektor med 8,4 milliardar sidan 2015. Det svarar til ein reduksjon på 11 000 årsverk i 2018!

Kutta har hatt som formål å effektivisere, i praksis å spare pengar. Problemet er at kutta rammar tilfeldig. No har dei pågått så lenge at dei svekker kvaliteten på tenestene. Færre stillingar eller vakante stillingar, aukar sjølvsagt presset på dei tilsette. Oppgåvene har nemleg ikkje blitt færre, verken i statlege verksemder eller i sjukehusa. Bortsett frå at somme tenester har blitt konkurranseutsette eller privatiserte.

Bruken av ostehøvelen er i denne samanheng ei form for politisk ansvarsfråskriving. Regjeringa kuttar blindt, og så får leiarar og tilsette rydde opp som best dei kan. Paradokset er dessutan at denne forma for kutt også svekker regjeringa sine eigne satsingar. Enten det er i høgre utdanning eller i politiet. Først satsar ein, og så høvler ein og kuttar samstundes.

Slik dette har blitt gjort til denne tid, blir særleg nettobudsjetterte verksemder som universitet og høgskular og sjukehusa særleg ramma. På den måten svekker regjeringa si eiga satsing på kunnskap og helse.

Unio kritiserer ikkje Solbergregjeringa på autopilot. Vi gav ros for positive tiltak i årets budsjett, og kjem sikkert til å gjere det same når neste års budsjett kjem om ei vekes tid. Men i denne saka er regjeringa på ville vegar. Ja, rett og slett litt dustete.

Unio vil også ha ein effektiv offentleg sektor med høg produktivitet. Men dette arbeidet må skje i samarbeid med leiarar og tilsette, og ikkje minst ha kvalitet som eit viktig mål.

Dess lenger denne kuttstrategien varer, dess meir skadeleg er den for tenestekvaliteten, men også for sysselsetting og arbeidsplassar.

Eg håper at regjeringa innser at ostehøvelprinsippet er feil strategi, og at dei ikkje berre har trykt på «repeat-tasten» i det komande budsjettet. Frøken Vonlausbråten og avskrivingsbyrået bør omskolerast til meir produktive og framtidsretta oppgåver. Og det er ikkje nødvendig å restarte Dusteforbundet!

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv