Unio-leiaren sin replikk:
Sirkus Blatter
Akkurat no er mange fotballblikk retta mot Canada. Der er det fotball-VM. For kvinner. Noreg har klart seg bra, og er vidare til sluttspelet. Det var ikkje den store striden då FIFA vedtok at VM 2015 skulle arrangerast i Canada. Men så er det mindre av både pengar og prestisje knytt til VM for kvinner enn for menn.
Publisert: 22. juni 2015
Pengar pregar FIFA. Så mykje at mistanke om pengeflytting – svindel og korrupsjon – har forfølgd organisasjonen i ei årrekkje. Mistankane har særleg vore knytt til val av arrangørland. Både VM i Russland (2018) og framfor alt Qatar (2022) har vore kontroversielle. Ikkje mange trur at tildelingane har skjedd etter fair play.
Qatar-VM er ein skandale. Det er ein skamplett på fotballen at VM blir lagt til eit regime som planmessig og systematisk misbrukar arbeidsfolk. Tilstanden er med rette kalla moderne slaveri. Det er særleg gjestearbeidarar som blir ramma. Dei får passa sine konfiskerte, og er i praksis fanga både på arbeidsplassen og i landet. På vegen mot fotball-VM i 2022 er det grunn til å frykte at 4000 liv går tapt. Det er ikkje eit VM verd!
Då Blatter trekte seg 2. juni, var det ikkje Qatar som var hovudårsaka. Men at sveitsisk politi og FBI hadde iverksett storstilt etterforsking, og arrestert 14 FIFA-toppar. Dermed krympa Blatters autoritet kraftig. Men han er framleis ”på post”, sjølv om den internasjonale fotballorganisasjonen vaklar. Blatter har framleis sine støttespelarar. Særleg gjeld det i Afrika og Asia. I desse områda finst det sterke stemmer som meiner at FBI-granskinga berre er eit nytt forsøk på å oppretthalde Vestens overherredøme. Det er kolonistrategien som slår inn, blir det hevda.
Noreg er inga fotballstormakt. Men når det gjeld Qatar-VM spesielt og haldninga til Blatterleiarskapet generelt, høyrde vi lenge berre kviskring frå NFF. Det er over tre år sidan Unio tok opp dei uverdige arbeidsforholda med NFF. No skjer det ei holdningsendring. Det er bra, sjølv om generalsekretær Siem framleis beundrar Blatter. Fotballpresidenten har etter kvart skjønt at han må velje side. Difor har han endeleg sagt klart frå både om Qatar og Blatters leiarskap.
Men det kan ikkje stoppe der. Det må gjerast langt meir for å etablere anstendige arbeidsvilkår i Qatar. Målet må enten vere ei flytting av arrangementet, eller ei total fornying og forbetring. Dette er fagforeiningskamp, ja. Men det burde også vere fotballkamp.
Ei rekkje internasjonale aktørar, i og utanfor fotballen, inkluder Transparency International og ITUC, har tatt initiativ til ein reformkommisjon som skal granske FIFA, og forslå endringar basert på fair play-prinsippa. Dette er eit godt og nødvendig alternativ til at sirkus Blatter skal drive vidare.
Eit slikt initiativ må Noreg og norsk fotball støtte. Og det hastar.
I mellomtida heiar eg på fotballdamene i Canada.