Hasardiøs pensjonsprosess
Ifølgje VG (13.2) har NHO-leiar Kristin Skogen Lund og LO-leiar i fleire veker drøfta ”en gigantisk omlegging av pensjonssystemet”. Målet er at ”alle får en og samme pensjonsordning” og at det skal etablerast ei overbyggende pensjonsordning som skal ”gjelde både for offentlig og privat sektor”.
Publisert: 15. februar 2016
Det første spørsmålet som melder seg er: Kvar har dei to leiarane fått fullmakter til å ”forhandle” om ei slik drastisk omlegging av pensjonsordninga?
At NHO og LO fører pensjonssamtalar er naturleg. Og dersom dette til dømes hadde vore knytt til den komande evalueringa av AFP i privat sektor, hadde knapt nokon reagert. Men slik er det ikkje. Etter det som kjem fram i VG er det flust med kritiske reaksjonar også i eigne rekkjer i begge organisasjonane. Frå vår side melder det seg tvil om LO si rolle i viktige pensjonsprosessar framover.
NHO har i lang tid gått til angrep på dei offentlege tenestepensjonsordningane. Tilsynelatande er det eit stort problem for NHO at offentleg sektor på dette området ikkje har kopiert privat sektor. Dersom Gerd Kristiansen har tatt med seg offentleg tenestepensjon inn i drøftingar med NHO, bør både ho og andre vere glade for at ho ”møtte veggen” og gjekk på ”en pensjonssmell.”(VG) Den smellen er i så fall vel fortent.
Til alt overmål skjer dette midt i ein prosess mellom organisasjonane og regjeringa. Her prøver partane å etablere eit grunnlag for å forhandle om endringar på nokre område i den offentlege tenestepensjonen. Mellom anna på grunnlag av regjeringa si eiga utgreiing. Det er å håpe at regjeringa legg meir vekt på denne prosessen, og på samspel med partane,enn på dette stuntet til NHO-leiaren og LO-leiaren.
Unio har støtta LO sine krav om tariffbaserte pensjonsordningar i privatsektor. No ser det, paradoksalt nok, ut til at det er del av den nye masterplanen å lovfeste slike ordningar, og at dei skal gjelde alle. Rett nok er det eit stykke frå løynderomma til den lovgjevande forsamlinga.
I seg sjølv treng det ikkje vere ein håplaus ide å tenke eit overbyggande rammeverk for breie pensjonsordningar. Men dette handlar om vilkåra for langt fleire enn LO og NHO sine medlemmer. Då fungerer ikkje solospel, heller ikkje i form av ein duett. Tvert imot, det er å spele hasard med viktige verdiar.
Duoen har forresten vore på studietur til Finland for å sjå på pensjonsordningane der. Dette skjer i kjølvatnet av at den finske regjeringa har kasta vrak på den nordiske samarbeidsmodellen, og einsidig vedtatt svekking av arbeidsvilkår og rettar. Særleg for offentleg tilsette. Arbeidsgjevarane har heia, medan arbeidstakarorganisasjonane i fellesskap har prøvd å stå imot angrepa.
Det er kanskje ikkje så overraskande at NHO vil studere forholda i Finland. Men dei hadde reisefølgje.