Unio-leiaren sin replikk:

Stigande misnøye, fallande tillit

Det er mange direktorat her til lands. Eitt av dei er Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Namnet appellerer i beste fall til dei spesielt interesserte. Men dei driv med mangt og mykje. Mellom anna undersøker dei kor fornøgde eller misfornøgde folk er med offentlege tenester og institusjonar. Denne gongen viser fleire av resultata ein illevarslande tendens.

Publisert: 12. februar 2024

Undersøkinga har blitt gjort annakvart år sidan 2013. Nyleg blei resultata frå den siste, gjort hausten 2023, kunngjorde. Hovudresultatet er at folk er mindre fornøgde med offentlege tenester enn tidlegare. Dessutan er tilliten til viktige institusjonar som regjeringa, dei politiske partia og Stortinget tydeleg svakare enn før. Begge delar bør få politiske varselklokker til å ringe.

Men alt er relativt, som det heiter. Slike undersøkingar seier ikkje alt. Her handlar det trass alt om nedgang frå eit gjennomgåande høgt nivå. Det sentrale politiske miljøet, regjeringa ikkje minst, har den siste tida stelt seg slik at det ville vere underleg om ikkje tilliten blei svekt. Dei har seg sjølve å takke.

Folk er mindre fornøgde enn før både med statlege og kommunale tenester. Rett nok er dei som faktisk har brukt aktuelle tenester litt meir fornøgde enn dei som berre er «tilskodarar». Det må leggast til at vi veit av erfaring at forventningane til det offentlege er skyhøge. Ein kan sjølvsagt lure på om folk er blitt meir kravstore eller om kvaliteten faktisk har blitt dårlegare. Men når ein ser korleis kommunane strevar med å få på plass budsjetta sine, har nok folk grunn til både uro og misnøye. I mange tilfelle handlar det om kutt, nedskjeringar og oppseiingar. Gapet mellom politiske lovnader og daglege realitetar blir for stort!

Spørsmålet er om det er politisk vilje til å styrke dei offentlege budsjetta? Framover skal dei store pengane gå til forsvaret. Det blir neppe betre helsetenester eller utdanningstenester av dette. Kva vil folk svare på neste undersøking? Mange er dessutan uroa for eigen økonomi. Det gjer at forventningane til det offentlege blir større.

Også ein annan viktig tillitsfaktor er under press. Seks av ti meiner det er korrupsjon i staten, og fem av ti i kommunane. Korvidt dette stemmer med faktiske forhold er usikkert. Men det er utan tvil eit alvorleg tillitsvarsku til styresmaktene. Habilitetsproblema i det politiske miljøet må i det minste ryddast vekk.

Folk får også stadig mindre tiltru til at styresmaktene kan sikre straumforsyninga. Dette er nok ein naturleg konsekvens av debatten om kraftprisar og energipolitikk dei siste åra. Den politiske debatten er mildt sagt forvirrande, og kan oppsummerast slik: Alle hevdar å ha løysingar, men få trur på dei.

Det blir stadig framheva at den norske modellen bygger på medverknad frå innbyggarane. Undersøkinga sår tvil om denne forteljinga. Innbyggarane meiner tvert imot at medverknad og moglegheit for å påverke styresmaktene lokalt er låg, og lågare enn før. OECD har peikt på at det på dette området står dårlegare til i Noreg enn i mange andre land.

Denne undersøkinga måler ikkje alt. Kanskje er det lett å legge inn litt ekstra «misnøye» når ein tilfeldig blir spurt? 8600 innbyggarar har svart, og representerer fellesskapet. SFØ konkluderer med at folk stort sett er tilfredse med offentlege tenester, samanlikna med mange andre land. Det skulle forresten berre mangle.

Men mange av resultata har ein fallande tendens. Både sjølvbildet og glansbildet har dermed fleire gråtonar enn mange likar å tru. Varselklokkene ringer.

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv