Unio-leiaren sin replikk:
Vil ikkje, vil ikkje...
Staten vil ikkje. Vil ikkje gi ekstra lønnsauke til universitets- og høgskulelektorar. Vil ikkje, var svaret også til prestar. Vil ikkje – den same haldninga i år som i fjor.
Publisert: 6. mai 2013
Vi visste det ville bli eit trongt oppgjer. Men Unio meinte, og meiner, det var og er nødvendig med ekstra lønnstillegg for desse gruppene. Krava er dessutan svært godt grunngjevne. I lang tid hadde vi snakka med både statsrådar og embetsverk for å skape forståing for at staten måtte innsjå alvoret. Men det gjer tydelegvis ikkje forhandlingsminister Rigmor Aasrud. I år like lite som i fjor. Ho vil ikkje. Eg reknar med at ho forstår. Ho er forresten også kyrkjeminister, og bør ha ei viss innsikt i situasjonen for prestane. Lang utdanning, men lønna er lågare enn for dei fleste med tilsvarande utdanning. Det same gjeld for lektorar ved universitet og høgskular. Til og med lektorar i skuleverket tener betre. Og dei er ikkje høglønte!
I fjor var statssektoren i streik. Statens motvilje mot justeringsforhandlingar var ein del av streikegrunnlaget. Denne motviljen er påfallande. Og alvorleg. Særleg når ein AP-statsråd har ansvar for oppgjera. AP talar ofte varmt om sentral lønnsdanning.
Mangel på justeringar svekkjer dei sentrale forhandlingane. Den ivrigaste forkjemparen for å rive beina under sentrale forhandlingar er elles Akademikerne. Og i lys av det går det i det minste an å forstå at dei kjempa mot tillegg for tilsette med lang utdanning!
Det er bra at medlemmer og tillitsvalde reagerer mot staten som forhandlingspart. Også arbeidsgjevarar lokalt må ta ansvar: Slå eit slag for desse stillingane både ved klare meldingar oppover til staten, eller medverke til å redusere lønnsgapet lokalt. Begge tiltaka trengst. Lønnsgapet er stort. Behovet for å verdsette og rekruttere kunnskap og kompetanse like eins.
Argumenta held seg godt. Kor lenge vil forhandlingsstatsråden seie: vil ikkje?