Unio-leiaren sin replikk:

Høgare utdanning: lettare inn – raskare ut?

Regjeringa har nyleg levert to stortingsmeldingar. Den eine om opptak til høgare utdanning, den andre om nokre av profesjonsutdanningane. Her er godt og gale i begge. Eg er mest skeptisk til grunntonen. Det skal bli lettare å kome inn, og det skal gå raskt å bli ferdig. Gjennomstrøyming skal framleis vere nøkkelordet i utdanningspolitikken.

Publisert: 10. april 2024

Opptaksmeldinga har fått mest omtale. Her handlar det om reglar og poeng. Det er bra at regjeringa vidarefører ordninga med generell studiekompetanse, og at det blir slått fast at karakterar framleis skal vere hovudgrunnlaget for opptak til høgare utdanning. Det er også bra at det blir rydda i mylderet av tilleggspoeng. For lenge har ein prøvd å «løyse» ulike samfunnsproblem gjennom tilleggspoeng. Når ein går frå 14 til 3 tilleggspoeng, blir grunngjevinga for å behalde poeng for realfag og militærteneste ekstra tynn. Militærtenesta handlar nok om storpolitikk og satsinga på forsvaret, og lite om utdanningspolitikk.

Det ideelle hadde vore om sjukepleie- og læraryrka var så attraktive at konkurranse om studieplassar gjorde karakterkrav for inntak uaktuelle. Slik er det ikkje. Langt ifrå. Difor har statsråden fått flengande kritikk for å fjerne karakterkrava (3 i norsk og matematikk) for opptak til sjukepleiarutdanninga. Det er vel fortent. Det er sjeldan at ein minister på kunnskapsfeltet får seg til å levere så dårlege argument for å redusere kvalitetskrav. At somme høgskulemiljø som strevar i konkurransen om studentar brukar liknande argument er heller ikkje noko kvalitetssignal. Tvert imot. Er samanhengen mellom karakterkrav i vidaregåande og gjennomføring i UH blitt heilt borte frå statsråden? Det vil ikkje undre meg om neste steg er å lette på krava til studiekompetanse. Argumentet om at det trengst fleire enn dei som vil og er kompetente, kan opne mange dører.

Karakterkrava til grunnskulelærarutdanninga skal stå ved lag – inntil vidare. Argumentet er at dei er nyleg innførde. Men dei kom før krava til sjukepleiarutdanninga. Logikken held ikkje. I tillegg anar vi at det skal gjerast klar for reveutgangar: utdanningsinstitusjonane skal kunne få unntak frå dei generelle krava.

Profesjonsmeldinga er omfattande, sjølv om ho omhandlar ein avgrensa del av høgare utdanning. Også her jaktar ein tilsynelatande meir på effektivitet enn på utdanningskvalitet. Mellom anna er regjeringa opptatt av meir komprimerte studieløp. Eitt av desse blir kalla komprimert PPU-master, som skal kunne korte ned vegen til klasserommet med opptil eitt og eit halvt år. Det kan også sjå ut til at det kan kome til å lønne seg å først arbeide i grunnskulen utan lærarutdanning, for så å finne snarvegar til full kompetanse. Ei profesjonsmelding som svekker krava til forsking og akademisk kompetanse er det siste samfunnet vårt treng. Dette held ikkje.

Det er nesten ikkje til å tru at ei slik melding blir lagt fram utan at krava til undervisningskompetanse i vidaregåande blir drøfta grundig. Her er det i beste fall harelabb, og knapt nok det. Det hadde vore naturleg å gå grundigare inn på desse forholda både når det gjeld lærarar i yrkesfag og ikkje minst når det gjeld kompetanse for undervisning i dei studieførebuande programma.

Som sagt, det er bra at regjeringa held fast på ordninga med generell studiekompetanse. Samstundes kjem det stadig meldingar frå tilsette i høgare utdanning om at studentar ikkje er godt nok førebudde til lange studium. Difor hadde det vore på sin plass med ei grundigare drøfting av innhaldet i studiekompetansen. Men det passa vel ikkje inn i strategien om «lettare inn – raskare ut».

Ragnhild lied
Unio-leiar

Arkiv