Unio-leiaren sin replikk:
Forsking i front
Kunnskap var eit tung og tydeleg overskrift for Erna Solberg under valkampen. No er ho statsminister, og skal innfri. Ikkje minst skal ho innfri lovande løfte om satsing på forsking. Som styrmann og maskinsjef – rett kurs og sikker framdrift – har ho hyra Torbjørn Røe Isaksen. I seg sjølv eit løfterikt og spennande val, kunnskapsrik og debattglad, som statsråden er.
Publisert: 4. november 2013
Det første spenningsmomentet: Ser vi det første teiknet på forsterka forsking allereie i det første Solberg-budsjettet?
Det andre: vil regjeringa feie tvilen til sides og slå fast at ein langtidsplan for forsking, slik Kristin Halvorsen, la opp til, skal etablerast? Halvorsens plan var ikkje svært konkret, og heller ikkje skarpt forpliktande. Så her kan kunnskapsduoen vidareutvikle, og verkeleg ta styringsgrep.
Og kva skjer med grunnfinansieringa for universitet og høgskular? Ser vi raskt betring?
Kunnskapsministeren har fått eit ekstra press på seg: Han har ansvaret for heile kunnskapskjeda, frå barnehage til forsking. Det same hadde Kristin Halvorsen, men det var unntaket under Stoltenberg. Det vanlege var to statsrådar – ein for forsking og høgre utdanning, og ein for resten av utdanningsfeltet.
Det finst gode argument for ordninga som er valt. Særleg at ein statsråd skal ha det gjennomgåande ansvaret for heile kunnskapskjeda. Men spørsmålet er om det held under regjeringa sine budsjettrundar. Kor mange saker kan kunnskapsministeren gi “førsteprioritet”, og samstundes få gjennomslag?
Både tiltak og resultat i kunnskapspolitikken har lett for å bli mindre konkrete og mindre synlege enn vegar og bruer? Og sjølv om norsk vegbygging er skulda for å gå svært så seint, kjem heller ikkje kunnskapsresultata over natta.
Men optimistiske som vi er: konstruksjonen tyder nok på at Erna har tenkt å vidareføre si eiga rolle som skipper på kunnskapsskuta. Med ein velkvalifisert statsråd i dobbeltrolla som styrmann og chief.